Académie de la Grande Chaumière

L'Académie de la Grande Chaumière var ein privat kunstskule i nummer 14 i rue de la Grande-Chaumière, rett i nærleiken av Montparnasse i Paris i Frankrike. Skulen vart skipa i 1904 av den sveitsiske kunstmålaren Martha Stettler. Ho vart fødd 25. september 1870 i Bern som nummer to i raden av dei sju borna til arkitekten Eugen Stettler, som hadde utdanna seg hjå den franske arkitekten Charles Garnier på den tida då han stod for bygginga av l'Opéra Garnier i Paris. Martha Stettler døydde 16. desember 1945 i Châtillon sørvest for Paris.

Académie de la Grande Chaumière fotografert i 2010.
Kvittering frå Nouvelle Académie de la Grande Chaumière på at den finske kunstnaren Eero Nelimarkka hadde betalt for undervisninga i 1912.

l'Académie de la Grande Chaumière hadde opplæring i både kunstmåling og skulptur, og vart særs namngjeten på byrjinga av 1900-talet som fylgje av at viktige kunstnarar var lærarar. Mange elevar frå ulike land søkte seg difor til skulen, mellom dei fleire som vart nasjonalt eller internasjonalt kjende i ettertida. Det hadde nok òg sitt å seie at området le quartier du Montparnasse utvikla seg til eit kunstnarsentrum i Paris utover på denne tida. Sjølv om skulen ikkje låg i det geografiske sentrum for den aktiviteten, vart han likevel assosiert med den kunstnarlege verksemda og det kunstnarlivet som utfalde seg på Montmartre.

Undervisninga vart i 1957 teke opp att av familien Charpentier i to atelier i det same huset ved å skipe l'Académie Charpentier, men nyttar det gamle namnet l'Académie de la Grande Chaumière på både huset og på skulen.

Académie Colarossi endre

Kunstskulen Académie Colarossi, som låg i nummer 10 i rue de la Grande-Chaumière, vart òg kalla «Académie de la Grande Chaumière». Denne skulen var skipa i 1870 av den italienske skulptøren Filippo Colarossi, og opphøyrde i 1930-åra. Kunstskulen som Martha Stettler opna i 1904 i nummer 14 vart såleis eit nytt (nouvelle) Académie de la Grande Chaumière.

Bakgrunnsstoff endre