Acamarachi, også kjend som Pili, er ein 6 046 moh. høg stratovulkan i Antofagasta-regionen i det nordlege Chile. Fjellet ligg nordaust for vulkanane Aguas Calientes og Lascar, og sørvest for Salar de Pujsa-delen av naturreservatet Los Flamencos nasjonalreservat. Vulkanen ligg på høgfjellsplatået Puna de Atacama.

Acamarachi
fjell
Land  Chile
Fjellkjede Andes
Høgd 6 046 moh.
Primærfaktor 1 608 m
Koordinatar 23°18′S 67°37′W / 23.300°S 67.617°W / -23.300; -67.617
Kart
Acamarachi
23°17′45″S 67°37′02″W / 23.295833333333°S 67.617222222222°W / -23.295833333333; -67.617222222222
Wikimedia Commons: Acamarachi

Fjellet har ei bratt kjegle med skråningar på opptil 45 grader. Det ligg ved søraustenden av ei lita gruppe med vulkanar som strekker seg til Colachi i nordvest. Ein bitteliten kratersjø på ca. 10–15 m i diameter er i krateret. Truleg er vatnet den nest høgste kratersjøen i verda, og den nest høgste innsjøen i Sør-Amerika, etter kratersjøen i vulkanen Ojos del Salado.

Kjelder

endre