Accrington er ein by i Lancashire i England. Sjølve byen hadde ved folketeljinga i 2001 om lag 35 000 innbyggjarar, men det urbane området inkluderer òg landsbyane Church, Clayton-le-Moors, Great Hartwood og Oswaldtwistle, og folketalet for dette området var i overkant av 71 000.

Accrington

Accrington Town Hall
Accrington Town Hall
Accrington Town Hall
Plassering
Accrington is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Lancashire
Distrikt Hyndburn
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

35 203
Koordinatar 53°45′N 2°22′W / 53.750°N 2.367°W / 53.750; -2.367
Diverse annan informasjon
Postnummer BB5
Telefon-retningsnummer 0 1254
Commons har multimedium som gjeld: Accrington

Historie

endre

Namnet vert rekna for å vere ei forvanskning av acorn-ring-town («Kongle-/nøtteringbyen»), ein referanse til at byen inntil den industrielle revolusjon var omgjeve av eikeskog.

Tekstilindustrien var lenge viktig for byen, og mange var tilsette på tekstilmøller og fargeverk. Arbeidstilhøva var dårlege, og det var regelmessig konfliktar mellom tilsette og arbeidsgjevarar. Den mest omfattande konflikten var «Plugopptøyene» i 1842, då ein generalstreik spreidde seg frå by til by i området. Ein del mål vart oppfylt, men dei streikande nådde ikkje heilt fram med krava sine. Streiken kom i tilslutning til chartistrørsla. Byen er òg kjent for produksjon av murstein som er svært sterke, «Accrington NORI» (IRON, «jern», stava baklengs).

I 1878 vart byen eit eige distrikt, men ved lokalstyrereformen i 1974 vart han innlemma i Hyndburn.

Idrettshistorie

endre

Den tidlegare klubben Accrington FC var ein av dei tolv grunnleggjarane av Football League i 1888, men dei fall ut alt i 1893 og vart nedlagt kort tid etter på grunn av økonomiske problem. Accrington er ein av dei få byane som har den tvilsame æra å ha fått to lag slått ut av ligafotball.

Den tidlegare fotballklubben Accrington Stanley avslutta verksemda i 1965. (Han gjekk i 1921 inn i Football League, men i 1962 måtte han trekke seg.)

Ei ny klubb med samme namn vart starta opp på nytt i sesongen 1968/1969, og nådde Conference National i 2003 og kom inn i Football League igjen i 2005.


Kultur og idrett

endre

Fotballaget Accrington Stanley FC er i League One i frå 2018/19-sesongen.[1] Klubben har ofte blitt trekt fram som eit døme på britisk pågangsmot trass i at det er lite håp om å lukkast. Heimebanen til klubben er Fraser Eagle Stadium.

Kjelder

endre
  1. https://www.dagsavisen.no/nyemeninger/i-denne-engelske-klubben-synger-supporterne-sámiid-ædnan-på-tribunen-1.1135854