Acetyl
Acetyl eller acetylgruppe er ei funksjonell gruppe innan organisk kjemi. Ho har kjemisk formel CH3CO. Acetyl er avleia av eddiksyre.
- Må ikkje forvekslast med Acetal.
Acetyl er samansett av ei karbonylgruppe som bitt opp ei metylgruppe. Den andre frie bindinga hjå karbonylgruppe kan byttast til eit anna stoff. Om dette er eit hydrogenatom vert det danna acetaldehyd (etanal), om det er ei metylgruppe vert det danna keton.
Acetylgruppa inngår mellom anna i acetylsalisylsyre, som blir seld som aspirin, dispril eller globoid.