Metyl

alkyl avleidd frå metan

Metyl er ei einverdig funksjonell gruppe med kjemisk formel CH3. Ho finst i fleire organiske sambindingar, slike som metanol (CH3OH), aceton (CH3COCH3), eddiksyre (CH3COOH) og toluen (C6H5CH3).

Ulike måtar å visa ei metylgruppe (i blått) på

Alle alkan har metylgrupper på endane av karbonkjedene. Metyl finst òg i fri tilstand som eit ustabilt radikal med eit upara elektron.

KjelderEndra