Achilles Last Stand

Achilles Last Stand
Song av Led Zeppelin
frå albumet Presence
Utgjeve 31. mars 1976
Innspelt November–desember 1975
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 10:25
Selskap Swan Song
Komponist Jimmy Page
Tekstforfattar Robert Plant
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«Achilles Last Stand» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin på albumet deira Presence frå 1976. Han er skriven av Jimmy Page og Robert Plant heime hos Page i Malibu i California der dei budde ein månad medan Plant kom seg etter ei alvorleg bilulukke i Hellas i 1975. Songen vart sidan spelt inn i Musicland Studios i München i Tyskland.

Oversym endre

«Achilles Last Stand» er med ei lengd på 10 minuttar og 25 sekund den tredje lengste studioinnspelinga til Led Zeppeiln. han er kjend for dei kraftfulle trommene til John Bonham og den galloperande basslinja til John Paul Jones (spelt på ein spesialbygd Alembic 8-strengsbass). Jimmy Page la på mange gitarspor (dei meir enn 10 gitarspora vart spelte inn i München i ei enkelt økt). Page økte sidan farten noko på lydbandet.[1] I 1977 forklarte han:

« Det var i hovudsak to seksjonar av songen då me øvde på han. Eg veit at John Paul Jones ikkje trudde eg kom til å få til det eg prøvde på. Han sa eg ikkje kunne gjere ein skala over ein viss seksjon, at det berre ikkje ville fungere. Men eg gjorde det. Det eg planla var å få den episke kvaliteten inn i songen, slik at det ikkje berre høyrdest ut som to seksjonar som vart repeterte, og å få ein heilt ny identitet med å orkestrere gitarane. Det er noko eg alt har gjort ei stund. Eg visste det måtte gjerast bra, for songen er så lang at det ikkje kunne vere halvhjarta. Det var berre opp til meg for korleis eg gjorde dette. Eg hadde tenkt mykje av det ut på førehand, men for å gjere ei lang soge kort, så gjorde eg alle opptaka på ein kveld.[2] »

Teksten var inspirer av ei reise Plant og Page gjorde i Marokko, etter ein konsert i Earl's Court i 1975.[3] Plant referer til Atlasfjella i Marokko i teksten: «The mighty arms of Atlas hold the heavens from the Earth». Teksten til Plant var òg inspirert av nokre dikt han las på denne tida, mellom anna av William Blake. «Albion remains/sleeping now to rise again» er ein referanse til Blake og The Dance Of Albion.

Jimmy Page har sagt at «Achilles Last Stand» er favoritten hans blant Led Zeppelin-songane. Han vart ein sentral del av konsertane til bandet frå 1977 og frametter. Ei konsertutgåve frå Knebworth i 1979 finst på Led Zeppelin DVD.

«Achilles Last Stand» vart nytta i filmen Dogtown and Z-Boys (2001), ein av få gonger ein Led Zeppelin-song er gjeven løyve til å nyttast i film.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

  • 1991: The Electric Fence (live)
  • 1994: Cinnamon (Cinnamon II)
  • 1995: Dream Theater (A Change of Seasons EP, medley)
  • 1995: Andy Scarth (live)
  • 1996: Jason Bonham Band (In the Name of My Father - The Zepset, medley)
  • 2000: Assisting Sorrow (Dead Zeppelin: A Metal Tribute to Led Zeppelin)
  • 2004: The Classic Rock String Quartet (The Led Zeppelin Chamber Suite: A Classic Rock Tribute to Led Zeppelin)
  • 2005: The Barbary Coast Guitar Duett (Suites for 2 Guitars)
  • 2006: The String Quartet (The String Quartet Tribute to Led Zeppelin [bonus DVD edition])
  • 2007: Letz Zep (Letz Zep II: Live in London)

Kjelder endre

  1. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, Januar 1998.
  2. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page, Trouser Press, oktober 1977.
  3. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.

Bakgrunnsstoff endre