Achim von Arnim

tysk poet og skribent

Ludwig Achim von Arnim (26. januar 178121. januar 1831) var ein tysk diktar som ved sida av Clemens von Brentano var ein av dei viktigaste representantane for den heidelbergske romantikken.

Achim von Arnim

Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 26. januar 1781
Palais Wrangel, Berlin
Død

21. januar 1831 (49 år)
Wiepersdorf, Berlin

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, skodespelforfattar, diktarjurist, journalist
Ektefelle Bettina von Arnim
Born Gisela von Arnim, Maximiliane von Oriola, Armgart von Arnim
Signatur
Achim von Arnim på Commons

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Achim von Arnim var fødd i Berlin som medlem av ein prøyssisk adelsfamilie. Faren var prøyssisk gesandt og intendant for kong Frederik den store. Mora døydde i barselseng, og faren let svigermor si overta oppsedinga av barna.

I barndommen og ungdommen var Achim von Arnim i Berlin og Zernikow utanfor byen. I tida 1798-1801 studerte han jus og naturvitskap i Halle og Göttingen, og skreiv talrike viktige bidrag for naturvitskaplege tidsskrift.

Frå 1801 til 1804 drog han på danningsreise gjennom Europa. Han reiste ned Rhindalen med Clemens Brentano og vitja Germaine de Staël i Coppet, Friedrich Schlegel og kona hans Dorothea i Paris. Så fortsette han reisa til London og Skottland.

Forfattarskap endre

Frå 1806 til 1808 gav Arnim saman med Clemens von Brentano ut folkesongsamlinga Des Knaben Wunderhorn i fire bind, og dessutan den viktige romantiske Zeitung for Einsiedler i 1808.

Frå 1809 budde Arnim i Berlin, der han mellom anna arbeidde ved Heinrich von Kleist si Berliner Abendblätter og grunnla ei politisk foreining kalla Deutsche Tischgesellschaft i 1811. Han deltok i krigen mot Napoleon I i 1813-1814. Frå oktober 1813 til februar 1814 var han òg utgjevar av dagsavisa Der Preußische Correspondent i Berlin.

Frå 1814 til han døydde budde von Arnim hovudsakleg på godset sitt Wiepersdorf. Han deltok i litteraturlivet i Berlin gjennom talrike artiklar og forteljingar i aviser, tidsskrift og almanakkar i tillegg til eigne publikasjonar.

Arnim etterlét seg ei stor mengde drama, noveller, forteljingar, romanar, dikt og journalistiske stykke. Han høyrer til dei viktigaste representantane for den tyske romantikken.

Han var gift med Bettina von Arnim, syster av vennen Clemens von Brentano, og var far til Gisela von Arnim.

Verk endre

 
Ludwig Achim von Arnim
  • Hollin's Liebeleben (roman), 1802
  • Ariel's Offenbarungen (roman), 1804
  • Des Knaben Wunderhorn (folksesongsamling, 4 bd., med Clemens Brentano), 1806 und 1808
  • Tröst Einsamkeit (bokutgåve av Arnim frå Zeitung für Einsiedler), 1808
  • "Der Wintergarten" (noveller), 1809
  • Armut, Reichthum, Schuld und Buße der Gräfin Dolores (roman), 1810
  • Halle und Jerusalem (skodespel), 1811
  • Isabella von Ägypten. Kaiser Karl des Fünften erste Jugendliebe (novelle), 1812
  • Schaubühne (skodespel), 1813
  • Die Kronenwächter. Bertholds erstes und zweites Leben (roman), 1817
  • Der tolle Invalide auf dem Fort Ratonneau (novelle), 1818
  • Die Gleichen (skodespel), 1819
  • Die Majoratsherren (forteljing), 1819
  • Owen Tudor (forteljing), 1820
  • Landhausleben (forteljingar), 1826
  • Die Päpstin Johanna (ferdigstil av Bettina von Arnim), 1846

Kjelder endre