44°47′N 20°24′E / 44.783°N 20.400°E / 44.783; 20.400

Satellittbilete av Ada Ciganlija. Savasjøen er den smale stripa sør for øya

Ada Ciganlija eller berre Ada (serbisk Ада Циганлија) er ei menneskapt halvøy og tidlegare øy i elva Sava i sentrale område av Beograd. Namnet vert òg nytta om den kunstige Savasjøen og stranda her. Øya ligg nedanfor sentrum i byen og har dei siste tiåra vorte omgjort frå ei utilgjengeleg myr frykta for offisielle avrettingar, til ein særs populær fleirbruksstad for innbyggjarane i Beograd med strender og sportsanlegg. Om sommaren kjem hit over 100 000 vitjande dagleg[1] og opp til 300 000 vitjande i helgene.[2][3]

Geografi endre

Øya ligg på høgre breidda av Sava og tre vegfyllingar omgjorde øya geografisk til ei halvøy. Ho vert likevel framleis rekna som ei øy av innbyggjarane i Beograd. Øya er langstrekt, om lag 6 km frå sørvest til nordaust, og 700 meter på det breiaste med eit areal på 2,7 km².[4]

Savasjøen endre

 
Savasjøen om vinteren

Savasjøen, vanlegvis berre kalla Ada, vart skapt av vegfyllingane som går ut til øya i 1967.[2] Innsjøen er 4,2 km lang, i snitt 200 meter brei og er 4-6 meter djup. Han dekkjer eit område på 0,8 km². 7 km av breidda til innsjøen er omgjort til ei grusstrand på begge sider. Vasstemperaturen når vanlegvis 24 °C om sommaren.

Begge demningane som lukkar innsjøen er utstyrt med røyr og pumper og vatnet renn gjennom eit lite tjern før det renn inn i sjølve innsjøen. Slik kan styresmaktene reinse vatnet før det vert pumpa vidare inn i Savasjøen. Vassverket i byen nyttar òg dette vatnet.[3] Sidan vatnet er drikkevasskjelde er det strenge miljømessige vern av innsjøen og motoriserte båtar på innsjøen eller hundar på stranda er ikkje lov.[3]

Kjelder endre

  1. Lj. Perović (14. juli 2008). «Sto hiljada sugrađana na Vodenom cvetu [100.000 fellow citizens on Water flower]» (på serbisk). Politika. 
  2. 2,0 2,1 «Ada Ciganlija Island» (på serbisk). Beograd by. 22. oktober 2007. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Kupalište "Bathing place"». Ada Ciganlija. 
  4. Nebojša Dragosavac (2002). «Čukarica-nekad i sad [Čukarica-before and now]» (på serbisk). Čukarica kommune. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ada Ciganlija