Ada Brita Haug Grythe (fødd 26. august 1934 i Stange[1], daud 14. august 2014)[2] var ein norsk fjernsynsmedarbeidar med ein karriere på 38 år i NRK si barne- og ungdomsavdeling.

Ada Haug
68234 Ada Haug og Odd Grythe.jpg
Ada Haug og Odd Grythe i 1965
Fødd 26. august 1934
Stange
Død

14. august 2014 (79 år)

Yrke journalist
Ektefelle Odd Grythe

Ada Haug Grythe var cand.mag. og pedagog frå Universitetet i Oslo. Frå 1961 var ho tilsett i NRK,[3] der ho særleg arbeidde med program for barn og ungdom. I løpet av 1960-talet var ho programleiar for Tenpluggen og Vi unge, og i 1970 var ho med på å utforma Flimra. Ho var nesteleiar i Barne-og ungdomsavdelinga frå 1974 til 1980, og programredaktør frå 1980 til 1991. Frå 1991 og fram til ho vart pensjonert i 1998 var ho ansvarleg for småbarnsprogramma.[4]

Ho blei tildelt Kongens fortenstmedalje i gull i 1998.[5] Ho blei òg heidra med den franske ordenen Palmes Académiques for arbeidet sitt med å spreia fransk språk og kultur i Noreg.[6]

Ada Haug Grythe var gift med Odd Grythe, som døydde i 1995. Ho var barnebarn til målaren og kunstkritikaren Kristian Haug.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Ada Haug Grythe 70 år», Stavanger Aftenblad, 26. august 2004, s. 39.
  2. «Ada Haug Grythe er død». NRK. 14. august 2014. 
  3. «Ada Haug Grythe». Store norske leksikon (på norsk). 29. september 2014. 
  4. «Slutter med dobbelt gull - Ada Haug går av etter 38 år». Dagbladet. 28.12.1998. 
  5. «Kongens gull til Ada Haug Grythe», Aftenposten, 22. desember 1998, s. 36.
  6. «Barn er kresne TV-seere», Bergens Tidende, 25. august 1994, s. 24