Ada Ringen
Ada Ringen (fødd 21. november 1989) er ein norsk langrennslaupar og skiskyttar som representerer IL Varden.
Ada Ringen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. november 1989 (35 år) |
Idrett | skiskyting, langrenn |
I Noregsmeisterskapen på ski 2010 kom ho på fjerdeplass på 3 × 5 km stafett, saman med Guri Knotten Hetland og Marthe Kristoffersen.
I Junior-NM i skiskyting i mars same år vann ho gull på stafett, saman med tvillingsystra Elise Ringen og Ane Skrove Nossum.[1] I april deltok ho også i NM i skiskyting på Simostranda, der ho fekk bronse på fellesstarten, bak Tora Berger og Fanny Welle-Strand Horn.[2] I tillegg kom ho på fjerdeplass på sprinten[3] og 17.-plass på 15 km.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ada Ringen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2023.