Elise Ringen
Elise Ringen (fødd 11. november 1989) er ein norsk tidlegare skiskyttar som fekk VM-bronse i stafett i 2012. Ho er medlem i Meråker skiskytterklubb og syster til Ada Ringen.
Elise Ringen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. november 1989 (34 år) Meråker kommune |
Idrett | skiskyting, langrenn |
Tok del i | Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner |
Ringen deltok i skiskyttar-VM 2012 og 2015, og i Vinter-OL 2014. Individuelt var 14. plassen i 7,5 km sprint under VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding hennar beste prestasjon. I den same meisterskapen gjekk ho andreetappen på det norske bronselaget i 4 x 6 km stafett, dei hine på laget var Fanny Horn, Synnøve Solemdal og Tora Berger.
Ringens sterkaste prestasjon i eit verdscuprenn var ein tiandeplass i 7,5 km sprint i Hochfilzen vinteren 2012. Sjetteplassen i standardprogrammet på Voss i 2014 var hennar beste individuelle NM-plassering. Ho la opp i 2016.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar.