Adapazarı
Adapazarı er ein by nordvest i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Sakarya. Provinsen sjølv hadde opphavleg òg namnet Adapazarı. Adapazarı er ein del av den tett folkesette Marmararegionen. Byen har 239 284 innbyggjarar (2011).
Adapazarı | |||
by | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Marmararegionen | ||
Provins | provinsen Sakarya | ||
Høgd | 31 moh. | ||
Koordinatar | 40°47′N 30°24′E / 40.783°N 30.400°E | ||
Areal | 562 km² | ||
Folketal | 239 284 [1] | ||
Borgarmeister | Suleyman Disli | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 54*** | ||
Retningsnummer | (+90) 264 | ||
Adapazarı 40°46′35″N 30°24′09″E / 40.77625°N 30.40256°E | |||
Kart som viser Adapazarı.
| |||
Wikimedia Commons: Adapazarı | |||
Nettstad: Municipality site |
Av næringar i byen finn ein lettindustri, mellom anna produksjon av silke og lintøy, samt dyrking av kveite, frukt og grønsaker i nærleiken av byen. Byen eksporterer tobakk, valnøtter, kokongar og grønsaker til Istanbul. Industrien veks etter at Toyota har investert ti milliardar kroner på ein ny bilfabrikk som produserer Toyota Corolla.
Byen ligg ved ei gammal militær gjennomfartsåre frå Istanbul mot aust. Han er tilknytt til jernbanenettverket i Anatolia sidan slutten av 1800-talet.
Klima
endreAdapazarı har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering Cfa), med stor påverknad frå maritimt og kontinentalt klima. Somrane er varme og særs fuktige, og den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen er kring 29 °C i juli og august, sjølv om temperaturane vanlegvis når 30 °C i juni, juli, august og september. Vintrane er kjølige og fuktige, og den lågaste gjennomsnittlege minimumstemperaturen er kring 3 °C i januar. Det kjem ein del nedbør og denne er jamt fordelt året rundt, men mest kjem det om hausten, vinteren og våren. Det er vanleg med snø frå desember til mars.
Vêrdata for Adapazarı | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 9,6 | 10,6 | 13,6 | 18,7 | 23,4 | 27,6 | 29,3 | 29,3 | 26,1 | 21,2 | 16,2 | 11,5 | 19,8 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 6,1 | 6,4 | 8,6 | 12,8 | 17,3 | 21,5 | 23,4 | 23,2 | 19,5 | 15,5 | 11,3 | 8 | 14,5 |
Gjennomsnittleg min °C | 3,1 | 3,1 | 4,7 | 8,2 | 12,1 | 15,9 | 18,1 | 18,2 | 14,5 | 11,3 | 7,4 | 5 | 10,1 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 94,1 | 77 | 70 | 61,2 | 49,5 | 67,1 | 53,1 | 47,6 | 47,8 | 89,4 | 85,8 | 104,2 | 846,8 |
Gns. solskinstimar i månaden | 71,3 | 81,2 | 117,8 | 150 | 210,8 | 249 | 272,8 | 260,4 | 204 | 139,5 | 96 | 71,3 | 1 924,1 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[2] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Adapazarı» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 22. august 2012
- ↑ «Sakarya Merkez (Adapazarı)». Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü. Henta 14 March 2011.