Fuktig kontinentalklima

Fuktig kontinentalklima er eit klima som utgjer ein stor del av den tempererte sona på midlare breidder i områda mellom dei polare og tropiske luftmassane. Det fuktige kontinentalklimaet har varierande vêrforhold og store temperaturskilnadar mellom sommar og vinter. Temperatursklinaden kan vere så stor 30-40ºC, og er størst i områda som ligg lengst borte frå havet. Klimaet kjem inn under gruppe D i Köppen si klimaklassifisering, og ein har fleire undertypar; ein med varm sommar (Dfa) og ein med mild sommar (Dfb). Desse har nedbør jamt fordelt gjennom året. Undertypar med minst nedbør om vinteren vert skrive Dwa eller Dwb.

Område med fuktig kontinentalklima.
Ulike typar fuktig kontinentalklima i verda.
██ Dsa ██ Dsb ██ Dwa ██ Dwb ██ Dfa ██ Dfb

Dfa: Varme somrar endre

Fuktig kontinentalklima med varme somrar (Dfa i Köppen sitt system) er ein klimatisk undertype som har ein middeltemperatur på over 22ºC i den varmaste månaden, med regn om sommaren og snø om vinteren. I vintermånadane har ein minst ein månad med temperaturnormal under -3ºC, og stader som har middeltemperatur over dette gjennom vinteren vert rekna for å ha fuktig subtropisk klima. Store delar av Midtvesten og austkysten av USA, samt dei sørvestlegaste områda av Canada har denne typen klima med varme somrar og kalde vintrar. Ein har òg denne typen klima på Balkan og delar av Ukraina. Ein variant av dette klimaet finn ein i nordlege område av Kina og Nord-Korea som har tørre vintrar (Dwa).

Dfb: Milde somrar endre

Fuktig kontinentalklima med kjølige somrar finn ein stort sett nord for områda med varme somrar. Ingen av sommarmånadane har ein middeltemperatur over 22ºC, men ein kan likevel få korte periodar med svært varmt vêr. Denne typen klima gjev mindre nedbør enn fuktig kontinental klima med varme somrar, og sommaren er som regel litt kortare og vinteren litt lengre. Sentrale område av Skandinavia, inkludert Austlandet og austlege område av Sentral-Europa har denne typen klima. Ein finn og denne typen klima i dei nordlege statane av USA og nord i Japan. I indre område nord for områda med denne typen klima har ein som regel subarktisk klima

Døme endre

Ein har òg ein variant med tørr vinter (Dwb) i nordaustlege område av Kina, Nord-Korea og søraustlege område av Russland, som Vladivostok, Pyongyang i Nord-Korea og Harbin i Kina.

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)