Adjágas var ei samisk musikkgruppe frå Noreg som var verksam frå 2004 til 2014. Adjágas er namnet på tistanden mellom å vera vaken og søvn[2][3]. Gruppa blanda joik med moderne sjangrar som elektronika, indierock og ambient[4].

Adjágas

Adjágas på samefolkets dag i 2012
OpphavNoreg
Aktiv2004-2014
Sjangerjoik, indierock, elektronika, ambient, verdsmusikk
PlateselskapTrust Me, Ever Records [1]
Siste medlemmerSara Marielle Gaup
Lawra Somby

Historie endre

Adjagas vart danna i 2004 av Lawra Somby og Sara Marielle Gaup[4]. Allereie året etter oppstarten varma dei opp for Kaizers Orchestra på preikestolen under by:larm, vart invitert til å opne Glastonbury-festivalen, joika under Mandela-konserten i Trondheim og spela på Oslo World Music Festival[5]. På grunn av regn fekk dei ikkje spela på Glastonbury det året likevel[6][7].

Debutalbumet Adjágas vart gjeve ut 21. november 2005 med Paal Fagerheim og Juhani Silvola på gitar og Timo Silvola på perkusjon[5].

I 2007 kom dei attende til Glastonbury og opna festivalen, der kjente artistar som Arctic Monkeys, Amy Winehouse og Bloc Party også spela[6].

Andrealbumet Mánu Rávdnji, som tyder månestraum, vart gjeve ut sist i 2009[8]. Albumet vart godt motteke og fekk terningkast fem i mange norske avisar. I 2010 spela dei ved OL i Vancouver[9] og året etter var dei på turné i USA[10].

Bandet ga seg i 2014, men medlemene fortset å drive med musikk[11][12].

Songen deira «Ozan» vart framført av Ella Marie Hætta Isaksen på Stjernekamp 2018 på NRK som finalelåt[13].

Diskografi endre

Studioalbum endre

Singlar endre

  • Mun Ja Mun (2006)
  • Lihkolaš (2009)

Kjelder endre

  1. Adjágas. Discogs. Henta den 6.12.2018
  2. Bitustøyl, Kjell. (19.2.2013). Adjágas. I Allkunne. Henta den 6.12.2018.
  3. adjágas. (16.10.2018). I Wiktionary, Den frie ordboka. Henta 13:32, den 6.12.2018.
  4. 4,0 4,1 Adjágas biography. Allmusic. Henta den 6.12.2018.
  5. 5,0 5,1 Holen, Øyvind. (3.11.2005). Joik fra skumringstimen. Ballade.no. Henta den 6.12.2018.
  6. 6,0 6,1 Youngs, Ian. (22.6.2007). Glastonbury openers praise fans. BBC. Henta den 6.12.2018.
  7. Brattland, Jane Elin. (20.2.2007). Adjágas åpner Glastonbury. NRK. Henta den 6.12.2018.
  8. Artistside hjå Trust Me Records. Henta den 6.12.2018.
  9. Lysvold, Susanne. (16.2.2010). Adjagas til Vancouver-OL. NRK. Henta den 6.12.2018.
  10. Pettersen, Tomas Lauvland. (01.07.2011). Adjagas US tour. listento.no. Henta den 7.12.2018.
  11. Facebook-innlegg av Adjágas (30.10.2014). Henta den 6.12.2018.
  12. Pulk, Åse. (31.10.2014). Oppløser Adjágas etter ti år. NRK. Henta den 6.12.2018.
  13. Johansen, Marit. (27.10.2018). Stjernekamp: Finale. NRK. Henta den 6.12.2018

Bakgrunnsstoff endre