Ella Marie Hætta Isaksen
Ella Marie Hætta Isaksen (fødd i 1998) er ein norsk, samisk musikar frå Tana. I 2016 vann Isaksen Sámi Grand Prix med den sjølvskrivne songen «Luoddaearru» og i 2017 vann ho songtevlinga Liet International med same song.[1] I 2017 var Isaksen med på å starte bandet ISÁK.[2] I oktober 2018 vann ho NRK-programmet Stjernekamp.[3]
Ella Marie Hætta Isaksen | |
![]() Ella Marie Hætta Isaksen under Over Oslo i 2018 Foto: Tore Sætre
| |
Nasjonalitet | norsk |
Fødd | 25. april 1998 (24 år) Tana |
Yrke | musikar |
Ella Marie Hætta Isaksen på Commons |
Ho vart vald til fylkesleiar i miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom i november 2014[4] og sat til januar 2016. Ho hadde andre verv i organisasjonen fram til ho vart tilsett som kampanjesekretær i Natur og Ungdom hausten 2017. Ho vart vald inn i sentralstyret i organisasjonen i januar 2018, og sat i eit halvår, fram til ho valde å fokusere på musikken frå sommaren 2018.
ReferanserEndra
Denne artikkelen byggjer på Ella Marie Hætta Isaksen på Wikipedia på bokmål den 7.12.2018.
- ↑ NRK Sápmi 19. april 2017. Liet-vinneren: – Kulturskolen formet meg for scenen. Besøk 20. april 2017.
- ↑ Ságat 26. mars 2017. Isaksen med nytt band (krever innlogging). Besøkt 20. april 2017.
- ↑ NRK Sápmi 6. juni 2018 Samisk artist med i «Stjernekamp»
- ↑ Facebook-post av Finnmark Natur og Ungdom. (15.11.2014). Henta den 7.12.2018.