Adjektivbøying i grenlandsmålet
Adjektivbøyinga i grenlandsmålet er om lag som i nynorsk.
Gradbøying
endreGradbøyinga fylgjer to hovudmønster, A1 og A2, der berre det fyrste er produktivt:
- A1:
- ¹bræi – ²bræiære – ²bræiast 'brei'
- ²tiːli – ²tiːliære – ²tiːliast 'tidleg'
- A2:
- ¹uŋ – ¹yŋre – ¹yŋst 'ung'
I tillegg finst det perifrastiske mønsteret A3, som blir nytta ved relativt lange adjektiv:
- A3:
- iri¹teːrans – ¹meːr iri¹teːrans – ¹mest iri¹teːrans 'irriterande'
Anna adjektivbøying
endreBøying av positivformer
endrePositiv-formene av adjektiva blir i varierande grad bøygde i desse grammatiske kategoriane:
- Numerus eller tal: eintal og fleirtal.
- Definitet eller bestemtheit: ubunden (eller ubestemt) og bunden (eller bestemt).
- Genus eller grammatisk kjønn: maskulinum (hankjønn), femininum (hokjønn) og nøytrum (inkjekjønn).