Administrativ inndeling i Moldova
Den administrative inndelinga i Moldova er stadfesta i Lov nr. 764-XV av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova.[1]
Distrikt, større bykommunar og autonome territorium
endreLandet har
- 32 distrikt (rumensk raioane)
- 3 bykommunar på distriktsnivå (municipiu)
- 2 autonome territoriale einingar (Unitate teritorială autonomă, UTA)
- Gagauzia (med den større bykommunen Comrat)
- Venstre breidd av Dnister (med den større bykommunen Tiraspol)
Bykommunen Bender og den territoriale eininga Venstre breidd av Dnister er ikkje kontrollerte av styresmaktene i Moldova, men er under kontroll av den internasjonalt ikkje godkjende republikken Transnistria.
Byar, landkommunar og sektorar
endreDistrikt, større bykommunar og autonome territorium er administrerte gjennom byar (oraș) og landkommunar (comuna), som igjen kan omfatte fleire busetnader.
Bykommunen og hovudstaden Chișinău er delt inn i fem sektorar med sine byar og landkommunar.
Utviklingsregionar
endreFor statistiske føremål er landet delt inn i tre utviklingsregionar:[2]
Regionane har ingen adminstrativ funksjon. Områda som er kontrollerte av Transnistria, det autonome territoriet Gaugazia og hovudstadsområdet Chișinău er ikkje rekna med i utviklingsregionane.
Kjelder
endre- Deler av denne artikkelen byggjer på «Administrative divisions of Moldova» frå Wikipedia på engelsk, 17. oktober 2024.
Referansar
endre- ↑ «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ «Lege Nr. 438 din 28-12-2006 privind dezvoltarea regională în Republica Moldova (Lov nr. 438 av 28.12.2006 om utviklingsregionar i republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 16. februar 2007. Henta 19. oktober 2024.