Bender
Bender eller Tighina (rumensk Tighina, russisk Бендéры, Bendery, ukrainsk Бендéри, Bendery) er ein by i Moldova, styrt av den de facto sjølvstendige regionen Transnistria, sjølv om han ligg på høgre sida av Dnestr (resten av Transistria ligg på venstresida av elva). I lag med landsbyen Proteagailovca dannar byen ein bykommune som Moldova ikkje reknar som ein del av Transnistria. Bender ligg i ei buffersone oppretta etter Transnistriakrigen i 1992.
Bender | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Bykommune Land Bykommune |
Moldova Bender Transnistria Bender |
Grunnlagd | 1408 |
Borgarmeister | Vyatsjeslav Kogut |
Geografi | |
Flatevidd | 97,29 km² |
Flatevidd - By |
97,29 km² |
Innbyggjarar - By (2015) - folketettleik - Byområde |
91 197 (2015)[1] 997/km² 97 027[2] |
Koordinatar | 46°50′N 29°29′W / 46.833°N 29.483°W |
Høgd over havet | 15 m |
Tidssone | EET (UTC+2) |
Diverse anna | |
Heimeside: bendery.md | |
Plassering | |
Plasseringa til Bender i Moldova |
Historie
endreDei første busetnadane i området, der elvane Dnestr og Bîc renn saman, oppstod på 100-talet. Gjennom tidene har området vore styrt av Kiev-riket, fyrstedømet Moldavia, Genova, Det osmanske riket, Russland og Romania.
Stefan cel Mare grunnla ei festning på staden på byrjinga av 1500-talet. I 1538 tok Suleiman I festninga, og gav ho det tyrkiske namnet Bender.
Karl XII av Sverige søkte tilflukt rett utanfor byen etter nederlaget ved Poltava, saman med kosakkane sin leiar Ivan Stepanovitsj Mazepa. Sidan ein under einveldstida i Sverige definerte hovudstaden som det staden der kongen hadde hoffet og arkivet sitt, låg Sverige sin hovudstad i fleire år på sletta utanfor Bender. Tyrkarane nekta han å reise vidare, for å utnytte han i det politiske spelet i Sentral-Europa. I 1713 vart det utkjempa eit mindre slag mellom Karl sine menn og tyrkarane, kjend som kalabaliken ved Bender.
Under den russisk-tyrkiske krigen 1806-1812 fall byen til russarane og vart verande på russiske hender fram til Sovjetunionen kollapsa. Mesteparten av kampane i Transnistriakrigen stod i og ved Tighina.
Administrativ inndeling
endreFormelt sett er Bender ein større bykommune (municipiu) i Moldova som, tilliks med Chișinău og Bălți, blir rekna å vere på samme nivå som dei 32 distrikta som landet er delt inn i. Han blir ikkje rekna å vere ein del av Transnistria. I tillegg til sjølve byen omfattar Bender òg landkommunen (comuna) Proteagailovca.[3]
Innanfor Transnistria blir byen rekna som ein integrert del av utbrytarstaten og har, på same måte som Tiraspol, status som bykommune på nivå med dei fem distrikta. Landsbyen Gîsca, som formelt høyrer til distriktet Căușeni i Moldova, blir òg rekna inn i kommunen Bender.[4] Transnistria gjer òg krav på Varnița, som er ein forstad til Bender, men som er under kontroll av Moldova og blir administrert som ein landkommune i distriktet Anenii Noi.[5]
Folketal
endreResultat frå dei to siste folketeljingane. For 2015 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat.
Folketal 2004[2] | Folketal 2015[1] | |
---|---|---|
Bender (Бендéры) | 97 027 | – |
Proteagailovca (Протягайловка) | 4 841 | – |
Gîsca (Гыска) | 3 142 | – |
Bykommunen Bender | 105 010 | 91 197 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tighina» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2008.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Перепись населения ПМР (Folketeljing Transnistria)». NewsPMR.Com. Henta 19. oktober 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «Population statistics of Eastern Europe & former USSR: Transnistria - Ethnic composition: 2004 census». mashke.org. Henta 23. oktober 2024.
- ↑ «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova (Lov nr. 764 av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ «о селе Гиска (Landsbyen Gîsca)». Государственная администрация г. Бендеры (Den statlege administrasjonen for Bender bykommune). Henta 23. oktober 2024.
- ↑ Agnieszka Tomczyk. «The New (Old) Moldovan-Transnistrian Border Conflict». www.neweasterneurope.eu. Henta 24. oktober 2024.