Admittans

Admittans er det inverse av impedans

der

Y er admittansen, målt i Siemens.
Z er impedans, målt i ohm.

Admittan er ein kompleks storleik og kan uttrykkast

,

der R er realdelen, og B er talverdien til den imaginære delen.

SI-eininga for admittans er siemens (symbol S). Eininga mho, med symbolet ℧ (ein opp-ned omega Ω), vart tidlegare nytta. Oliver Heaviside gav namn til admittans i 1887.[1]

Admittans vert nytta innan elektromagnetisme, for elektriske krinsar, innan mekaniske system, innan akustikk, og så vidare.

Når impedansar er kopla i parallell vil bruk av admittans, i staden for impedans, som oftast føra til enklare matematiske uttrykk, men alt som kan reknast ut ved å nytta admittans kan òg reknast ut ved å nytta impedans.

Bruk innan elektroEndra

I ein elektrisk krins er G=1/R konduktansen, der R er elektrisk motstand og B=1/X er suseptansen, er der X er reaktansen. Når det flyt ein elektrisk straum gjennom ein admittans går noko av energien tapt i konduktansen, ved at han går over til termisk energi. Suseptansen lagrar energi mellombels, denne energien går ikkje tapt og vert ført attende til krinsen.

KjelderEndra

  1. Ushida et al., "Immittance matching for multidimensional open-system photonic crystals", Phys Rev B, vol 68, no. 15, Oct 2003.

Sjå ògEndra

BibliografiEndra

  • Carter, G.W. og Richardson, A., Techniques of circuit analysis, Cambridge Univ. Press, 1972.
  • Clement, P.R. og Johnson, W.C., Electrical engineering science, McGrew-Hill, 1960.
  • Dorf, R.C. og Svoboda, J.A., Introduction to electric circuits, 5. utg., John Wiley & Sons, 2001.
  • Edminister, J.A., Electric circuits, 1. utg., McGrew-Hill, 1965.
  • Hayt, W.H. og Kemmerley, J.E., 5. utg., McGrew-Hill.1993.
  • Ivison, J.M., Electric circuit theory, Van Norstrand Reinhold Australia, 1977.