Ohm
Ohm er ei avleidd SI-eining for måling av elektrisk motstand (resistans). Symbolet for ohm er Ω.
I fylgje Ohms lov har ei innretning ein motstand på 1 ohm dersom ei spenning på 1 volt er årsak til ein straum på 1 ampere.
Eininga har fått namn etter den tyske fysikaren Georg Simon Ohm.