Oliver Heaviside
Oliver Heaviside (fødd 18. mai 1850 i Camden Town i London, død 3. februar 1925 i Torquay i Devon i England) var ein autodidakt britisk fysikar, matematikar og elektroingeniør som utvikla teknikkar for bruk av laplacetransformasjon ved løysing av differensiallikningar og dermed bruk av komplekse tal ved utrekning av elektronisk kretsar, omformulerte maxwell-likningane på vektorform og var med å grunnlegge vektoranalysen.
Oliver Heaviside | |||
| |||
Fødd | 18. mai 1850 London, Camden Town | ||
---|---|---|---|
Død | 3. februar 1925 Torquay, Mount Stuart Hospital | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | elektromagnetisme, vektoralgebra | ||
Yrke | matematikar, fysikar, ingeniør, telegrafist | ||
Medlem | Royal Society Maxwellians American Academy of Arts and Sciences |
Han var tilsett i Great Northern Telegraph Co. i Newcastle, fram til 1874, då han slutta på grunn av stadig dårlegare høyrsle. Han levde resten av livet sitt i Devonshire, oppteke med teoretiske studium av elektromagnetisme. Han grunnla teorien for langdistanse-telefonering, gav viktige bidrag til forståing av den elektromagnetiske teorien til Maxwell.
Han var dessutan den første til å nemne og grunngjeve eksistensen av eit leiande sjikt i den øvre atmosfæren, Heaviside-laget, no oftast kalla ionosfæren.
Oppdagingar
endreHeaviside formulerte om maxwell-likningane slik at dei fekk den vektorformen som vert nytta i dag. Han laga Heavisidefunksjonen, som han nytta til å modellere straumen gjennom ein elektronisk krets.
Omgrep innan elektromagnetisme
endreHeaviside innførte namna på fleire omgrep innan magnetismen:
- Konduktans
- Permeabilitet
- Induktans
- Impedans
- Admittans
- Reluktans
- Permittans, som no vert kalla suseptans
Prisar (utval)
endreSjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oliver Heaviside» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juni 2013.
- Oliver Heaviside. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Oliver_heaviside