Adolf Kristian Dahl (4. august 187427. september 1952) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Idd i Østfold. Stortingsperioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Idd og Marker, vald for partiet Høgre.

Adolf Dahl
Fødd4. august 1874
Død27. september 1952 (78 år)
Statsborgar avNoreg
FarJohan Jakob Dahl
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1919–1921)
  • vararepresentant til Stortinget (1922–1924)
  • vararepresentant til Stortinget (1928–1930) Sjå dette på Wikidata

Far til Dahl var oberst og gardbrukar. Sjølv gjekk han Sem Landbruksskole og Ås Landbruksskole før han i 1897 overtok farsgarden Vevlen i Idd herad, ein gard han dreiv til 1943. Jamsides var han 1909-18 tømmermerkar for Saugbrugsforeningen.

Frå 1902 var Dahl ein sentral mann i styringa av Idd, heradsstyremedlem i fleire tiår. Han var såleis ordførar i 1925-31, varaordførar 1922-25 og mange år i formannskapet elles. I tillegg hadde han ulike andre kommunale verv. Åra 1919-21 var Dahl stortingsmann for Idd og Marker, med i tinggruppa til Høgre. Elles var han med i den norsk-svenske mellomrikskomiteen og formann i komiteen som utgreidde spørsmålet om medisinsk fakultet i Bergen.

Dahl var aktiv idrettsmann i ungdomen, langrennsløpar som deltok i Holmenkollen. Sidan var han ein driven jeger og fritidsfiskar, fungerte fleire år som dommar på jaktprøver for fuglehundar.

Kjelder endre