Johan Dahl
Johan Jakob Dahl (22. januar 1836–9. september 1908) var ein norsk offiser og stortingsmann frå Fredrikshald. Han slutta seg til partiet Høgre då det vart danna.
Johan Dahl | |||
Fødd | 22. januar 1836 Fredrikshald | ||
---|---|---|---|
Død | 9. september 1908 (72 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | offiser, politikar | ||
Barn | Adolf Dahl | ||
Alle verv |
|
Dahl var son til ein auditør. Sjølv vart han offiser i 1854, og var premierløytnant frå 1857. Sidan vart han i 1867 kaptein i 1. akershusiske brigade og frå 1883 oberstløytnant i bergenske brigade. Han vart utnemnd til oberst i 1889, og i 1891 overført til 2. akershusiske brigade. Han slutta militærtenesta i 1901.
Dahl var Fredrikshald sin representant på Stortinget i valperioden 1883-85. Han var medlem av militærkomiteen.
Han døydde ved Fredrikshald i 1908.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Johan Dahl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv