Adolf Noreen
Adolf Gotthard Noreen (13. mars 1854–13. juni 1925[1]) var ein svensk språkforskar. Han vart student i Uppsala 1871, dr. philos. 1877, dosent same året, og professor i nordiske språk ved universitetet i Uppsala 1887. Frå 1919 var han medlem av Svenska Akademien. Han var far til språkforskaren Erik Noreen.
Adolf Noreen | |||
| |||
Fødd | 13. mars 1854 Östra Ämterviks församling | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juni 1925 Ärtemarks församling | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Yrke | lingvist, nordist | ||
Institusjonar | Uppsala universitet Q10550219 | ||
Alma mater | Uppsala universitet | ||
Barn | Erik Noreen, Ärland Noreen | ||
Medlem | Svenska Akademien Kungliga Vetenskapsakademien Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien |
Som forskar var Noreen på fleire måtar banebrytende. Til å byrja med arbeidde han med svenske dialektar, som av han for første gong vart handsama ved hjelp av den nyare språkvitskapen sin historiske og fonetiske hjelpemiddel. Seinare handsama han lydtilhøva i nordiske språk i fleire verk, særleg gjennom lærebøkene sine. Den sentrale delen av Noreen sitt forfattarskap handsamar likevel svensk språk. Som ordførar i Rättstavningssällskapet gjekk han inn for endringar av stavemåten i svensk.
Verk
endre- Fryksdalsmålets ljudlära (1877)
- Dalbymålet (1879)
- Fårömålet (1879)
- ‘Sam. Columbus’ En svensk ordeskötsel (med G. Stjernström 1881)
- Svensk språklära (med E. Schwartz 1881)
- Dalmålen (1881–83)
- Altislandische und altnorwegische Grammatik (1884) [1]
- Utkast til föreläsningar i urgermansk ljudlära med huvudsakligt avseende på de nordiska språken (1888–90)
- Geschichte der germanischen Philologie (1891)
- Valda stycken af svenska författare 1526–1732 (med E. Meyer, 1893)
- Altschwedisches Lesebuch (1892–94)
- Spridda studier (1895)
- Altschwedische Grammatik mit Einschluss des Altgutnischen (1897) [2]
- Vårt språk (1904–24)
Kjelder
endre- Nordisk familjebok. Uggleupplagan [3]
- ↑ «Ledamotsregister: Noreen, Adolf». Svenska Akademien. Henta 17. august 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Adolf Noreen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mai 2020.