Adolf Wölfli

sveitsisk komponist

Adolf Wölfli (29. februar 18646. november 1930) var ein sveitsisk biletkunstnar, komponist og forfattar. Han vert rekna som ein av dei viktigaste representantane for Art Brut eller særingskunst.

Adolf Wölfli
Adolf Woelfli.jpg
Fødd 29. februar 1864
Bern
Død

6. november 1930
Waldau

Yrke komponist, kunstmålar, skribent, fotograf
Teikna av Adolf Wölfli

Liv og gjerningEndra

Wölfli var den yngste av sju barn. Den alkoholiserte faren forlet familien i 1870, og mora hans døydde i 1873. Wölfli voks opp under vanskelege tilhøve som fosterbarn på ulike gardsbruk i Schangnau. Han arbeidde på gardane, seinare var han tjenar eller handlangar. I 1890 vart han dømd for forsøk på valdtekt av to jenter, fem og fjorten år gamle, til to år i tukthus. Då han tre år etter han vart sett fri fekk tilbakefall, vart det beordra ei undersøking av kor tilrekneleg han var. På den psykiatriske klinikken i Waldau ved Bern fann ein at han leid av schizofreni.

Frå 1895 til han døydde levde Wölfli på Waldau mentalsjukehus. Under sitt meir enn trettiårige opphald der, skapte han eit omfattande arbeid med rundt 1 460 teikningar, ca 1 560 collagar og 25 000 hefta sider med historier, dikt og komposisjonar. Bileta hans er komplekse, innvikla og intense. Han skildrar inntrykk frå Schangnau, Bern, Waldau og Emmental, dei einaste stadene Wölfli hadde sett. Dei eldste bileta er frå tida 1904-06.

Psykiateren hans, Walter Morgenthaler, viste i ei bok frå 1921 for første gong fram pasientar som lid alvorleg, som kunstnarar. Først lenge etter han var død vart Wölfli sine kunstnariske og poetiske arbeid, som trassar konvensjonelle estetiske kategoriar, kjende for eit breiare publikum. Den franske målaren Jean Dubuffet stilte i 1948 ut 120 av Wölfli sine teikningar i 'Compagnie de l'Art Brut' i Paris.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Adolf Wölfli