Adolf Julius Wichstrøm (21. juli 185021. februar 1910) var ein sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Kristiania. Han var medlem av Venstre.

Adolf Wichstrøm
Fødd 21. juli 1850
Kristiania
Død

21. februar 1910
Kristiania

Yrke sorenskrivar, politikar

Far til Wichstrøm arbeidde i revisjonsdepartementet. Sjølv vart han student frå Christiania katedralskole i 1868 og cand. jur. i 1874. I eit par år var han fullmektig på eit advokatkontor i heimbyen, før han i 1875 slo seg ned som overrettssakførar i Farsund. Åra 1879-91 var han tilsett i statsrevisjonen, fyrst som kopist og sidan som sekretær. Frå 1891 var han både fut og sorenskrivar i Alta, etter embetet vart delt i 1898 heldt han fram som sorenskrivar.

Wichstrøm var i si tid ordførar for Farsund bystyre. Perioden 1879-92 var han medarbeidar i avisa Verdens Gang. 1886-88 var han formann i Kristiania arbeidersamfunn. Han var 1892-94 formann i skattekommisjonen for Finnmark.

Wichstrøm vart for perioden 1910-12 vald til å vere Vest-Finnmark sin representant på Stortinget. Valet vart ikkje godkjent før ut i mars månad. Då hadde Wichstrøm allereie døydd i Kristiania, dit han var komen for å gå i gang med gjerninga som stortingsmann.

KjelderEndra