Adora i Har Hebron

Adora (hebraisk skrift אֲדוֹרָה, òg Adorah) er ei israelsk busetjing og ein kollektiv landsby i Judeafjella sør på den okkuperte Vestbreidda, nordvest for Hebron. Han vart grunnlagd i 1984 og ideologisk høyrer samfunnet til bondeorganisasjonen HerutBetar. Adora har eit folketal på 278 (2012)[1] og er underlagt Har Hebron regionale kommune. I følgje Osloavtalen frå 1993 mellom Israel og Palestinsk frigjeringsorganisasjon, var Adora tiltenkt Område C under full israelsk sivil og militær kontroll.[2]

Adora
אֲדוֹרָה
landsby
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Har Hebron
Koordinatar 31°33′08″N 35°01′08″E / 31.55222°N 35.01889°E / 31.55222; 35.01889
Folketal 278  (2012)[1]
Grunnlagd 1982/84
Tilhøyrsle HerutBetar
Kart
Adora i Har Hebron
31°33′08″N 35°01′08″E / 31.552222222222°N 35.018888888889°E / 31.552222222222; 35.018888888889
Wikimedia Commons: Adora, Har Hebron

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]

I følgje ein rapport frå Peace Now frå 2006, er 36,01 prosent av landområdet som Adora er bygd på, privateigd, hovudsakleg av palestinarar.[4] I følgje israelske lov er busetjinga på privateigd palestinsk jord ulovleg.[5]

Geografi endre

Adora ligg aust for Israel si sperring på Vestbreidda, 6,4 kilometer frå Den grøne linja i Judeafjella nordvest for Hebron i ei høgd på 692 meter over havet.[6]

Historie endre

Den 27. april 2002 kom tre palestinske geværmenn, utkledde som israelske soldatar, inn i Adora og tok livet av fire innbyggjarar, inkludert ei fem år gammal jente, medan sju andre vart skadde. Ein av angriparane vart sidan drepen av IDF.[7]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  2. «LAND GRAB. Israel's Settlement Policy i Vestbreidda» (PDF). B'Tselem. May 2002. s. 111. 
  3. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  4. In the data provided by the Civil Administration “there is no mention of whether the private land is owned by palestinarar or by jødar... Nevertheless, it is highly probable that most of the land that is marked here as private land (if not all of it) is privately-owned palestinsk land”.«Settlement are built on Private Palestinian Land». Peace Now. 14. mars 2007. Henta 15. september 2015. 
  5. «G U I L T Y! Construction of Settlements upon Private Land – Official Data». Peace Now. 2006. Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016. Henta 1. april 2011. 
  6. «Settlements list». Peace Now. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 14. september 2015. 
  7. Bennet, James (28. april 2002). «Mideast Turmoil: The Attack; Arabs in Disguise Kill four Settlers in The West Bank». The New York Times. Henta 15. september 2015.