Opna hovudmenyen

Judeafjella (hebraisk הרי יהודה Harei Yehuda, arabisk جبال الخليل, Jibal al-Khalil), òg kalla Hebronåsane, er ei fjellkjede i Israel og på Vestbreidda der Jerusalem og fleire andre bibelske byar ligg. Fjella når ei høgd på 1 000 m.[1]

Judeafjella
fjellkjede
JerusalemMountains.jpg
Judeafjella
Land Flag of Israel.svg Israel, Flag of Palestine.svg Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Jerusalem distrikt
Koordinatar 31°40′N 35°10′E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Judaean Mountains

GeografiEndra

 
Utsyn frå Beit Meir i Judeafjella.

Judeafjella går frå nord til sør gjennom Vest- og Aust-Jerusalem, Hebron, Betlehem og Ramallah. Fjella dannar eit naturleg skilje mellom Shephelah-kystslettene i vest og Jordandalen i aust. Judeafjella var dekte av tett skog i antikken. Åsane består av terra rossa-jorda over hard kalkstein.[1]

Geologi og førhistorieEndra

Judeafjella er overflata av ei rekkje monokline foldingar som strekkjer seg nord-nordvest gjennom Israel. Foldinga er eit sentralt uttrykk for den syriske bogen av antiklin folding som byrja i sein krittid i nordaustlege Afrika og det sørvestlege Asia. Den syriske bogen strekkjer seg aust-nordaust over Sinai, og snur nord-nordaust gjennom Israel og heldt fram aust-nordaust inn i Syria. Den israelske delen ligg parallelt til Daudehavsforkastinga som ligg like i aust.[2][3]

I førhistorisk tid levde det dyr i området som ikkje finst her lenger, som elefantar, flodhestar, giraffar og vassbøffel. [4]

Fjellkjeda har karstlandskap med mange grotter, som stalaktittgrotta i Nahal Sorek nasjonalpark mellom Jerusalem og Beit Shemesh og området kring Ofra, der ein har funne fossil av plante- og dyreliv frå førhistoria.

SamferdsleEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Reiseguide for Judaean Mountains frå Wikivoyage