Adri van Tiggelen

nederlandsk fotballspelar

Adrianus Andreas van Tiggelen, kjend som Adri van Tiggelen, (fødd 16. juni 1957) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Oud-Beijerland. Han vart europameister i 1988 og vann seriegull med både RSC Anderlecht i Belgia og PSV Eindhoven i heimlandet.

Adri van Tiggelen
Adri van Tiggelen (cropped).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Adrianus Andreas van Tiggelen
Fødselsdato 16. juni 1957 (64 år)
Fødestad Oud-Beijerland i Nederland
Høgd 183 cm
Posisjon Venstreback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978-1983 Sparta Rotterdam 161 (13)
1983-1986 Groningen 97 (5)
1986-1991 Anderlecht 144 (7)
1991-1994 PSV 72 (0)
1994-1995 Dordrecht'90 31 (1)
Totalt 505 (26)
Landslag
1983-1992 Nederland 56 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Tiggelen var profesjonell spelar i Sparta Rotterdam frå sommaren 1978. Etter fire år i Sparta flytta han over til FC Groningen. I 1986 fekk han så kontrakt med belgiske Anderlecht, eit lag han vart seriemeister med både i 1987 og 1991, og elles vann to nasjonale cuptitlar med. Frå siste triumfen i Belgia gjekk han over til PSV Eindhoven, der han allereie i sin fyrste sesong vart nederlandsk seriemeister. Etter tre sesongar i PSV avslutta han tida som aktiv spelar i Dordrecht 90 våren 1995.

 
Adri van Tiggelen, ståande nummer to frå venstre, framfor ein landskamp i 1987

LandslagsspelEndra

I åra frå 1983 til -92 var Tiggelen venstreback i 56 av landskampane til Nederland, utan nokon gong å kome på skåringslista. Han var i 1988 med på å vinne europameisterskapen i fotball, då Nederland slo Sovjetunionen i finalen med to mål mot null. Også under fotball-VM 1990 og EM 1992 var han fast på fyrstelaget til Nederland. Til liks med klubbkamerat i PSV, Hans van Breukelen, spelte han sin siste landskamp då Nederland rauk ut or europameisterskapen i den avsluttande straffeskytinga, etter ein semifinale der det stod 2-2 mot Danmark etter 120 minuttar.

MerittarEndra

  • Europameister: 1988 med Nederland
  • Belgisk seriemeister: 1987 og 1991 med Anderlecht
  • Belgisk cupmeister: 1988 og 1989 med Anderlecht
  • Nederlandsk seriemeister: 1992 med PSV Eindhoven

KjelderEndra