Adria
kommune i Italia
Adria er ein by og ein kommune i provinsen Rovigo i Veneto i Italia. Kommunen har vel 20 000 ibuarar og eit areal på 113,5 km². Byen ligg mellom utløpa til elvane Po og Adige.
Adria | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Areal | 113,39 km² | ||
Folketal | 18 643 (1. januar 2023)[1] | ||
Adria 45°03′N 12°03′E / 45.05°N 12.05°E | |||
Wikimedia Commons: Adria (Italy) |
Den etruskiske byen Hatria ligg 3-4 meter under marknivået i dagens by Adria. Adriahavet har namn etter byen, noko som viser kor viktig byen var i antikken, då havsnamnet vart til. Adria ligg nær 20 kilometer frå Adriahavet, dit det er båtsamband gjennom kanalar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Adria» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2013.