Etruskarar
Etruskarane var eit folk som levde i det antikke Italia og Korsika frå 700-talet f.Kr. På fastlandet budde dei i Etruria i noverande Toscana og nordlege Latium. Dei snakka etruskisk, eit ikkje-indoeuropeisk språk som mogelegvis var skyld retisk og lemnisk, eller eit språkisolat.[1] Roma var truleg prega av etruskarar i byrjinga, og etruskisk kultur har derfor hatt stor påverknad på Romarriket og ettertida.
Det var romarane som kalla etruskarane Etrusci eller Tusci. Det attisk greske ordet for dei var Tyrrhēnioi (Τυρρήνιοι), noko som gav latinsk Tyrrhēni for etruskarane og Tyrrhēnum mare for havområdet no kjent som Det tyrrenske havet. Sjølv kalla folket seg rasenna, ifølge Dionysios frå Halikarnassos, I.30.3.
Etruskarane hadde si største utbreiing i førstetida til Roma og under det romerske kongedømet. Dei hadde tre byforbund: Av Etruria, av Podalen med dei austlege Alpane, og av Latium og Campania. Medan Roma låg i etruskisk område og opphavleg hadde mykje etruskisk kultur, blei etruskarane gradvis tekne opp i det italiske Roma i løpet av Den romerske republikken.
Kjelder
endre- ↑ «etruskisk» av Rolf Theil i Store norske leksikon, snl.no. Henta 14. september 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Etruskere» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
endreLitteratur
endre
|
|
Nettstader
endre- Generelle
- Cities and Cemeteries of Etruria, Byer og gravsteder i Etruria, bok av [George Dennis hos LacusCurtius
- Etruscan News Online, nyheitsbrev frå den amerikanske seksjonen av Instituttet for etruskisk og italiske studiar.
- Mysterious Etruscans, nettstad for bevaring av etruskisk kultur.
- Philipp Ammon: Ruma Rasna – Die etruskischen Wurzeln Roms. http://www.academia.edu/28000848/Ruma_Rasna_Die_etruskischen_Wurzeln_Roms
- Genetikk
- Genetisk forsking
- The Etruscans: A Population-Genetic Study - ein populærvitskapleg genetisk studie
- DNA Boosts Herodotus’ Account of Etruscans as Migrants to Italy, artikkel i New York Times
- Byar og funnstader
- (Soprintendenza per i Beni Archeologici dell'Umbria) «The Cai Cutu Etruscan tomb» Arkivert 2006-05-08 ved Wayback Machine., ei urørt sein-etruskisk familiegrav, brukt på nytt mellom 200-talet og 100-talet f.Kr., utstilt i Det nasjonale arkeologiske museum i Perugia.
- Etruscan Splendors from Volterra in Tuscany Arkivert 2006-09-14 ved Wayback Machine.
- Kunst
- Etruscan Lion Plaque Pendant Arkivert 2017-05-09 ved Wayback Machine., artikkel om eit etruskisk kunstobjekt.Denne historieartikkelen som har med Italia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.