Aeneas eller Æneas (gresk Αινείας, Aineías ) var ein trojansk helt, son av prins Ankises og gudinna Afrodite (Venus i romerske kjelder). Far hans var òg søskenbarn til kong Priamos. Aeneias si reise frå Troja, som førte til grunnlegginga av byen som ein gong skulle verte Roma, er gjenfortalt i verket til Vergil, Æneiden.

Aeneas flyktar frå den brennande Troja, Federico Barocci, 1598.

I Iliaden vert Aeneas omtalt som konge av dardanarane, forbundsfelle med trojanarane og deira beste hærførar etter Hektor. Etter Troja fall kom han til slutt til Latium og vart stamfar til latinarane.

Kjelder

endre