Aeronomi er vitskapen om dei øvre områda av atmosfæren, der dissosiasjon og ionisering er viktige prosessar. Uttrykket aeronomi vart innført av Sydney Chapman i 1960.[1] I dag omfattar uttrykket òg dei øvre områda av atmosfæren på andre planetar. Aeronomi er ei grein innan atmosfærisk dynamikk. For å forske i den øvre atmosfæren treng ein ballongar, satellittar og sonderakettar, som kan gje ein data frå denne regionen. Atmosfærisk tidvatn dominerer dynamikken i mesosfæren og den nedre termosfæren. Derfor er ei forståing av denne effekten særs viktig for å forstå atmosfæren som heilskap. Andre fenomen ein studerer innan aeronomi er lyn i den øvre atmosfæren, som sprites («andar»), haloar, blå jettar og «alvar» (elves).

Atmosfærisk tidvatn endre

For meir om dette emnet, sjå atmosfærisk tidvatn.

Atmosfærisk tidvatn er ein viktig mekanisme for å transportere energi frå den lågare atmosfæren til den øvre atmosfæren, og er ein dominerande prosess i mesosfæren og den nedre termosfæren. Modellering og observasjonar av atmosfærisk tidvatn trengst for å kunne overvake og varsle endringar i jordatmosfæren.

Lyn i den øvre atmosfæren endre

For meir om dette emnet, sjå lyn i den øvre atmosfæren.
 
Figur som viser fenomen knytt til lyn i den øvre atmosfæren

Lynnedslag påverkar den øvre atmosfæren og fører til fenomen som skjer langt over sjølve lyna. Desse vert stundom kalla forbigåande lysande hendingar (transient luminous events eller TLF) og viser til elektrisk utladingar i den øvre atmosfæren i form av såkalla raude andar (sprites), spritehaloar, blå jettar og alvar (elves)

Kjelder endre

  1. Andrew F. Nagy, s. 1-2 in Comparative Aeronomy, red. a Andrew F. Nagy et al. (Springer 2008, ISBN-978-0-387-87824-9)