Agitation Free
Agitation Free var eit tysk eksperimentelt krautrockband starta i 1967 av Michael «Fame» Günther (bassgitar), Lutz «Lüül» Ulbrich (gitar), Lutz Ludwig Kramer (gitar) og Christopher Franke (trommer). Dei heitte først berre Agitation, eit namn dei valde tilfeldig frå ei ordbok. Bandet måtte endra namn då det viste seg det alt var eit band som hadde dette namnet. Agitation Free vart vald fordi det på ein plakat for ein gratiskonsert dei skulle spele hadde stått «Agitation Free».
Agitation Free | |||
| |||
Opphav | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1967–1974, 1998, 2007, 2012 | ||
Sjanger | Eksperimentell rock, krautrock, space rock, progressiv rock, psykedelisk rock | ||
Tilknytte artistar | Tangerine Dream, Ash Ra Tempel, Michael Hoenig, Ashra | ||
Plateselskap | Vertigo, BMG, Barclay, Spalax, IRI, Prudence | ||
Medlemmer | Michael Gunther Lutz Ulbrich Burghard Rausch Michael Hoenig Gustl Luetjens | ||
Tidlegare medlemmer | Christopher Franke Lutz Ludwig Kramer Axel Genrich Jörg Schwenke, Stefan Diaz |
Etter å ha mista gitarist Axel Genrich til Guru Guru i 1970 og trommeslagar Franke til Tangerine Dream i 1971, henta bandet inn Jörg «Joshi» Schwenke (gitar), Burghard Rausch (trommer) og Michael Hoenig (klaverinstrument). Dei gav ut det første albumet sitt, Malesch, i 1972 på Music Factory. Seinare det året spelte dei under sommar-OL 1972 i München.
Eit nytt album kom ut i 1973, 2nd, og gitarist Schwenke vart erstatta først av Stefan Diez, så Gustl Lutjens. Bandet vart oppløyst i 1974.
Agitation Free kom saman att i 1998 og gav ut River Of Return i 1999. Dei spelte igjen i 2007, med besetninga frå 1974, for ei rekkje konsertar i Tokyo. I 2008 vart heile katalogen deira gjeve ut på nymastra CDar og i 2011 gav dei ut Shibuya Nights, med opptak frå Tokyo-konsertane.
Noverande medlemmar
endre- Michael Gunther - bassgitar
- Lutz Ulbrich - gitarar
- Burghard Rausch - trommer
- Michael Hoenig - klaverinstrument, electronics
- Gustl Luetjens - gitarar
Tidlegare medlemmar
endre- Christopher Franke - trommer
- Lutz Ludwig Kramer - gitarar
- Axel Genrich - gitarar
- Jörg Schwenke - gitarar
- Stefan Diez - gitarar
Diskografi
endre- Malesch (1972)
- 2nd (1973)
- Last (utgjeve 1976, konsertopptak frå 1974)
- Fragments (utgjeve 1995 og igjen 1996, konsertopptak frå 1974)
- At the Cliffs of River Rhine (utgjeve 1998, konsertopptak frå 1974) Garden of Delights
- The other sides of Agitation Free (utgjeve 1999, innspelt 1974–75)
- River of Return (1999)
- Shibuya Nights (konsertopptak frå 2007 i Tokyo, utgjeve 2011)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Agitation Free» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2013.