Byen Aguascalientes

Aguascalientes er delstatshovudstaden og den største byen i delstaten Aguascalientes i Mexico. Byen ligg den sentrale delen av Mexico, i låglandet av Det meksikanske platået. Han hadde eit folketal på 934 424 i 2012, med 1 225 432 i storbyområdet.[1] Byen er mest kjend for tekstilane sine og for San Marcos-festivalen.

Aguascalientes
by
Land  Mexico
Areal 1 168,72 km²
Folketal 934 424 (2012)
Grunnlagd 22. oktober 1575
Kart
Byen Aguascalientes
21°52′51″N 102°17′46″W / 21.880833333333°N 102.29611111111°W / 21.880833333333; -102.29611111111
Wikimedia Commons: Aguascalientes City

Aguascalientes vart grunnlagd av Juan de Montoro 22. oktober 1575 som ein stoppestad for posten mellom Zacatecas og Mexico by. Staden var opphavleg folkesett av nomadiske chichimecafolk. Byen blei grunnlagd under namnet Villa de Nuestra Señora de la Asunción de las Aguas Calientes, ‘Landsbyen til vår jomfru av himmelferda av dei varme vatna’, etter vernehelgenen for byen og dei mange varme kjeldene i området. Han var ein utpost på Sølvvegen, og var del av kongeriket Nueva Galicia.[2] I 1835 gjorde president Antonio López de Santa Anna Aguascalientes til hovudstad for eit nytt territorium, som blei ein ny delstat i 1857.[3]

Kjelder endre

  1. Javier Rodríguez Lozano. «En estos días Aguascalientes llegará al millón de habitantes – La Jornada Aguascalientes (LJA.mx)». La Jornada Aguascalientes (LJA.mx). Henta 7. september 2014. 
  2. «Aguascalientes, traditional city in Mexico». Visitmexico.com. Arkivert frå originalen 13. mai 2012. Henta 7. september 2014. 
  3. «Historia de la Ciudad de Aguascalientes». Ags.itesm.mx. Arkivert frå originalen 21. oktober 2013. Henta 7. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Byen Aguascalientes