Det meksikanske platået

Det sentrale meksikanske platået, òg kalla Meksikansk Altiplano eller Altiplanicie Mexicana, er eit stort tørt til halvtørt platå som dekkjer det meste av det nordlege og sentrale Mexico. Det er i snitt 1825 meter over havet og strekkjer seg frå grensa til USA i nord til Cordillera Neovolcánica i sør, og grensar til Sierra Madre Occidental i vest og Sierra Madre Oriental i aust. Ei låg fjellkjede frå aust til vest i staten Zacatecas deler platået i ein nordleg og sørleg del. Desse to delane, som vert kalla Mesa del Norte og Mesa Central, vert no av geografar generelt rekna som delar av det same platået. Det meksikanske platået er hovudsakleg dekt av ørkenar og stepper med furu- og eikeskogar rundt fjellkjedene.

Det meksikanske platået
Region
Det meksikanske platået nær San Miguel de Allende i Guanajuato
Land  Mexico
Statar Chihuahua, Coahuila, Durango, Zacatecas, San Luis Potosí, Aguascalientes, Jalisco, Zacatecas, Guanajuato, Querétaro, México, Hidalgo
Koordinatar 24°N 103°W / 24°N 103°W / 24; -103
Høgaste punkt 2435 moh
Lågaste punkt 1000 moh
Lengd 1 532 km
Areal 601 882 km²
Folketal 14,800,000  (1990 [1])
Folketettleik 24,58 / km²
Kart
Det meksikanske platået
24°N 103°W / 24°N 103°W / 24; -103
Wikimedia Commons: Mexican Plateau

Geografi endre

 
Mexicodalen er den sørlegaste delen av Det meksikanske platået.

Mesa del Norte eller det nordlege platået er i snitt 1100 meter over havet og strekkjer seg sørover frå elva Rio Grande (Río Bravo del Norte) gjennom delstatane Chihuahua, Coahuila, Durango, Zacatecas og San Luis Potosí. Forskjellige smale, isolerte ryggar kryssar Mesa del Norte og ein finn òg fleire søkk i regionen. Den største av desse er Bolsón de Mapimí. Río Bravo del Norte og sideelva Río Conchos drenerer delar av det nordlege platået, mog Río Pánuco og sideelvane hennar drenerer det søraustlege hjørnet. Begge elvane renn ut i Mexicogolfen. Mykje av det nordlege platået består av endorheiske nedslagsfelt, som ikkje renn ut i noko hav. Chihuahuanørkenen strekkjer seg over dei nordlege områda av det nordlege platået, medan Meseta Central matorral dekkjer dei sentrale områda og Den sentralmeksikanske matorralen strekkjer seg frå den sørlege delen av det nordlege platået og over det sørlege platået.

Mesa Central eller det sørlege platået ligg høgare enn den nordlege delen, i snitt 2000 meter over havet. På det sørlege platået finn ein mange dalar som opphavleg vart danna av gamle innsjøar. Det strekkjer seg gjennom delstatane Aguascalientes, Jalisco, Zacatecas, Guanajuato, Querétaro, México og Hidalgo. Fleire av dei viktigaste byane i Mexico, som Mexico City og Guadalajara ligg i dalar på det sørlege platået. Mykje av det sørlege platået vert drenert av Río Grande de Santiago og sideelevane hennar, som Río Lerma, som renn austover og ut i Stillehavet. Sideelvane til Río Pánuco drenerer den austlege delen av det sørlege platået. Den sentralmeksikanske mattoralen dekkjer det meste av det sørlege platået med dei subtropiske Bajío-skogane i dei lågareliggande område i Lerma–Río Grande de Santiago.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Mexican Plateau» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Ricketts, Taylor H., Eric Dinerstein, David M. Olson, Colby J. Loucks, et al. (1999). Terrestrial Ecoregions of North America: a Conservation Assessment. Island Press, Washington DC.

Bakgrunnsstoff endre