Aguinaldo
- For den filippinske leiaren, sjå Emilio Aguinaldo.
Aguinaldo er ein type latinamerikansk folkemusikk som byggjer på gamle spanske julesongar. Han blir tradisjonelt framført ved juletider av parrandas, uformelle grupper av familie og vener som går frå hus til hus og syng. Omgrepet kan også visa til julegåver, til dømes pengar gjevne som belønning til julebukkar.
Puerto Rico
endrePå Puerto Rico byggjer aguinaldo på den gamle iberiske musikkforma villancico, som i dag typisk tyder 'julesong' på spansk. Musikken blir spelt i samband med julehøgtida og heilagetrekongarsdagen 6. januar.
Ein kan framføra aguinaldo i omvandrande grupper som går julebukkaktig frå hus til hus, overraskar verten med song og får servering for framføringa. Songane blir også sungne i kyrkjer. I tillegg blir det spelt mykje aguinaldo på radio ved julehøgtidene.
Tradisjonelle instrument er klimpreinstrumenta bordonúa, tiple og cuatro, blåseinstrumentet carracho eller güiro og rytmeinstrumentet maracas. I nyare tid har gitaren ofte erstatta bassgitaren bordonúa. I dag er det også vanleg å bruka trommer kalla pandereta plenera, messingblåseinstrument og anna til musikken, som no har mykje til felles med musikkforma seis. Kjende aguinaldoar kan framførast som rein instrumentalmusikk, til dømes pa cuatro.
Ein aguinaldosong er typisk bygd opp som ein decimilla, det vil seie av ti linjer som kvar har seks stavingar. Opphavleg hadde songane djupt religiøst innhald, men etterkvart laga ein også improviserte tekstar om meir kvardagslege tema, som julefeiringa, mat og drikke og tidvis til og med triste emne.
Døme på songar er «De la Montaña Venimos» og «A Las Arandelas», som kan brukast som inngangssongar, bøner om mat og drikke som i «Si me dan pasteles» og «Si no me dan de beber», religiøse songar som «Rosa Blanca» og «Los Tres Reyes Santos». Elles har aguinaldoar ofte namn etter staden ekker tilhøva dei kom frå, som «Aguinaldo cagueño», «Aguinaldo jíbaro» og «Aguinaldo de costa».
Venezuela
endreI Venezuela er aguinaldo ein type julesong som vanlegvis har seks vers.
Trinidad
endrePå Trinidad er aguinaldo eller serenal ein type julesong innan parang- eller parrandasjangeren, som kom til Trinidad og Tobago frå Venezuela.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «A Puerto Rican Christmas », elboricua.com
- Tijana Ilich, «Puerto Rican Music - Jibaro Music - Seis, Aguinaldo, Bomba, Plena» Arkivert 2013-11-14 ved Wayback Machine., about.com
- Aguinaldos Arkivert 2015-03-02 ved Wayback Machine., musicadepuertorico.com
- The Decimilla, cuatro-pr.org
- Denne artikkelen bygger på «Aguinaldo» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Atlas de Tradiciones de Venezuela, Fundación Bigott, 1998.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- La Parranda Puertorriquena: The Music, Symbolism, and Cultural Nationalism of Puerto Rico's Christmas Serenading Tradition Arkivert 2008-12-03 ved Wayback Machine. (PDF), sensemaya.net
- Espinosa, Juan (1984). Breve Prontuario en Torno a Nuestra Tradición Navideña, marranomusic.com
Musikkdøme
- Aguinaldos Arkivert 2015-03-02 ved Wayback Machine. ved musicadepuertorico.com. Oversyn over ulike aguinaldoar, bruksområde og MIDI-filder.
- Tekst, noter og omtale Arkivert 2016-01-14 ved Wayback Machine. (på spansk) ved coqui.net.
- «Aguinaldo Jibaro», kort døme ved Smithsonian Folkways