Drikk, drykk eller drikke er vassbasert væske ein tek til med det å stilla tørsta som hovudmål. Andre grunnar til å drikka kan vera å nyta smaken, motverka kulde eller varme, ta til seg medisin eller russtoff. Drikke kan også ha viktig kulturell tyding, som ved å skapa ei religiøs kjensle under nattverd, gje ei kjensle av samhald ved fellesdrikking og skåling, eller skapa eit skilje gjennom at ulike grupper folk ikkje drikk av same kjelde, som i apartheidstatar eller visse kastesamfunn.

Jus er ein utbreidd drikk.
Kvinne som drikk.

Vatn endre

Hovudartikkel: Vatn

Ein hovudgrunn til at ein drikk er for å tilføra kroppen vatnet han treng for å fungera. Drikkevatn er vatn som er rekna som reint nok til å drikka, ved at det inneheld få ureinande partiklar («grums») og bakteriar. Ureina vatn kan gjerast drikkbart gjennom koking, destillasjon eller filtrering. Nokre stader reknar ein berre «levande» vatn, som vatn frå ein brønn eller ei elv, som drikkbart, medan stilleståande vatn er rekna som ureina og ikkje til å drikka.

I tillegg til vanleg drikkevatn, som ein gjerne får frå brønn, kran eller pumpe, blir det også seld mineralvatn frå særskilde kjelder. Desse er ofte rike på mineral, som gjev dei ein særskild smak og som mange reknar som helsebringande. Ein kan også tilsetja mineral og andre stoff til drikkevatn, som kolsyre, fruktsmakar og søtingsmiddel.

Plantebaserte drikkar endre

Mange drikkar er jus eller vatn smaksett med stoff frå plantar, til dømes frukt og bær, men også andre plantedelar, som blad og bork. Ein kan laga desse ved å pressa ut jusen, ved å koka plantedelane til saft, eller ved å blanda dei med varmt vatn slik at ein får te, kaffi, kakao og liknande.

I moderne leskedrikkar kan ein bruka plantar til å gje smak, men det finst også mange nye kunstige smaksstoff. Desse blir gjerne brukte i saft og brus.

Alkoholhaldige drikkar endre

Hovudartikkel: Alkoholhaldige drikkar

Ved å la ein plantedrikk gjæra kan ein få ein alkoholdrikk, det vil seia ein drikk som inneheld etanol. Øl og vin er utbreidde alkoholdrikkar. Destillering av slike drikkar gjev høgare alkoholinnhald, som brennevin. Alkoholdrikkar held seg lenge, har spesiell smak mange liker, og gjev rus, som vert oppfatta på ulikt vis. Nokre kulturar har lovprisa alkoholdrikkar, medan andre har forbode eller laga strenge lovar mot dei.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Drikke