Ikkjevald

(Omdirigert frå Ikkje-vald)

Ikkjevald eller ikkje-vald viser til ulike tankesett og strategiar som avviser fysisk vald som verkemiddel for å nå eit mål, men som samtidig er retta mot å oppnå politisk eller sosial endring. Ikkjevald kan dermed reknast som eit alternativ til både passiv aksept av undertrykking og til valdeleg, væpna eller militær kamp mot denne.

Ikkjevaldelege sitjeblokade i Tyskland i protest mot transport av radioaktivt avfall.

Utøvarar av ikkjevald kan nytta ulike metodar i sine kampanjar, som demonstrasjonar, opprop, opplysingsarbeid, streik, sveltestreik, blokadar, boikott, sivil ulydnad og ikkje-deltaking, det vil seia å aktivt motsette seg samarbeid med og deltaking i visse samfunnsinstitusjonar.

Historie endre

 
Gandhi blir konfrontert av ein sørafrikansk politimann i 1913. Han utvikla opphavleg ikkjevaldstrategien sin i Sør-Afrika.

Mahatma Gandhi lanserte ikkjevald ut frå det indiske religiøse omgrepet ahimsa, som tyder 'utan vald'. Gandhi stilte ikkje-vald opp mot vald og krig som politisk metode. For han var ikkjevald ei aktiv inngriping, og omgrepet skil seg derfor frå passive protestar og mot pasifismen, som berre vegrar seg mot å delta i vald.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre