Ahmadi guvernement

Ahmadi (arabisk skrift الاحمدي) er eit av seks guvernement i Kuwait. Det ligg sør i landet og er kjend i Kuwait for dei grøne plantene og den britiske arkitekturen. Ahmadi er ein viktig del av den kuwaitiske økonomien då ein finn fleire av oljeraffineria i landet her. Dei største busetjingane er Abu Halifa, Riqqah og Mangaf. Ahmadi har fleire idrettsklubbar og anlegg. Hovudkvarteret til Kuwait National Petroleum Company ligg i Ahmadi.

Ahmadi
الاحمدي
guvernement
Land  Kuwait
Koordinatar 29°4′37″ N 48°5′2″ E
Hovudstad Ahmadi
Areal 5 120 km²
Folketal 809 353  (2014)[1]
Folketettleik 158 / km²
Tidssone EAT
Kart
Ahmadi guvernement
29°4′37″ N 48°5′2″ E
Kart over Kuwait med Ahmadi
Kart over Kuwait med Ahmadi
Kart over Kuwait med Ahmadi
Wikimedia Commons: Ahmadi Governorate


Mange britiske arbeidarar og familiane deira budde stort sett her frå 1947 til 1970 og noko lenger. Den opphavlege byen vart lagt i eit rutenett og gatene fekk numeriske namn. Sjøen var kring 13 km unna.

Ahmadi består av følgjande distrikt:[2]

Kjelder endre