Aichi (愛知県 Aichi-ken) er eit prefektur i Chūburegionen på øya Honshu i Japan. Hovudstaden i Aichi er Nagoya, og det er elles 34 andre byar i prefekturet.

Aichi
愛知県
fylke
Flagg
Symbol
Land  Japan
Region Chūbu
Hovudstad Nagoya
Areal 5 165,04 km²
Folketal 7 521 192 (1. april 2021)[1]
Kart
Aichi prefektur
35°10′49″N 136°54′23″E / 35.180166666667°N 136.90641666667°E / 35.180166666667; 136.90641666667
Kart som viser Aichi.
Kart som viser Aichi.
Kart som viser Aichi.
Wikimedia Commons: Aichi prefecture

Historie

endre
 
Inuyama slott i Aichi.

Opphavleg var Aichi delt opp i tre område, Owari, Mikawa og Ho, men gjennom fleire samanslåingar vart det til det som i dag er Aichi prefektur. Aichi fekk sin noverande storleik og form i 1872. Ogso inndelinga innanfor Aichi har vore gjennom fleire endringar, og har gått frå oppimot 3 000 byar og tettstadar, til 61 kommunar frå 2003.

Geografi

endre

Aichi preferktur ligg om lag halvveges ned Honshu-øya. Kystlina inneheld Isebukta og Mikawabukta. Aichi dannar ein stor del av Nobisletta, vest til Kisoelva. Yahagielva renn gjennom det sentrale Aichi, og i aust er det meir skogkledd. Høgaste punkt er Chausuyama, 1415 moh. Aichi grensar til prefektura Nagano, Shizuoka, Gifu og Mie.

Demografi

endre
 
Oversyn over delar av Nagoya, hovudstaden i Aichi.

I 2021 hadde Aichi eit folketal på 7 521 192, og er soleis det fjerde største prefekturet etter folketal. Nagoya i vest er den fjerde største byen i Japan. Områda i aust er mindre tettbygde, men ogso her er det fleire store industriområde, og Aichi hadde den høgaste folketalsvoksteren i 2007, foran Tokyo.

Industri

endre

Aichi er det tyngst industrielle prefekturet i Japan, og er mellom anna hovudsete for Toyota Motor Corporation, verdas største bilprodusent, i byen Toyota. Andre store selskap som har fabrikkar i prefekturet er Daimler Chrysler, Fuji Heavy Industries, Mitsubishi Motors, Pfizer, Sony, Suzuki, og Volkswagen.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «■» (PDF). Arkivert frå originalen 5. september 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Aichi
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.