Aji Chay[1] (aserbajdsjansk Acı çay, persisk تلخه رود) eller Talkhe Rud, er ei elv i det nordvestlege Iran. Det meste av elva renn gjennom Aust-Aserbajdsjan.

Aji Chay
Talkheh-Roud
elv
Land  Iran
Provins Aust-Aserbajdsjan
Lengd 265 km
Munning Urmiasjøen
Kart
Aji Chay
37°45′N 45°42′E / 37.75°N 45.7°E / 37.75; 45.7
Wikimedia Commons: Talkheh River

Vatnet i elva er alkalisk fordi ho renn gjennom område med høgt mineralinnhald. Ho er den største elva som munnar ut i Urmiasjøen. Elva spring ut oppom Sarab i sida av fjella Bozgush Kuh og Sabalan. Sideelva Quri Chay renn saman med Aji like aust for sentrum av Tabriz.

Den historiske Aji Chay-brua over elva, langs den gamle Tabrizvegen til Marand, er like utafor Tabriz og aust for Tabriz internasjonale lufthamn.[2]

Kjelder

endre
  1. Ehlers, E. (29. juli 2011). «ĀJĪ ČĀY». Encyclopædia Iranica. Henta 8. april 2021. 
  2. Aust-Aserbajdsjan Tourism Organization, Talkheh-Roud Bridge (på persisk), arkivert frå originalen 22. juli 2011, henta 11. april 2021