Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°55′14.750″N 10°44′47.231″E

Nedre luten av Akersveien med den katolske domkyrkja, St. Olavs kyrkje, i bakgrunnen.

Akersveien er ei gate i Oslo som går som ei forlenging av Akersgata frå gatekrysset med Ullevålsveien og Thor Olsens gate framfor St. Olav domkyrkje og opp langsetter austsida av Vår Frelsers gravlund til tverrgata Akersbakken, der Gamle Aker kyrkje ligg attmed gatekrysset. Tidlegare var Akersveien og den noverande Akersgata hovudferdsleåra mellom Akershus festning og Gamle Aker kyrkje.

Langsmed Akersveien ligg i tillegg til St. Olav domkyrkje fleire andre katolske institusjonar, mellom anna St. Sunniva skule. Statistisk sentralbyrå har sitt kontor i gata.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Akersveien