Akritarkar er organiske mikrofossil, som er påvist heilt attende til 1,4 til 3,2 milliardar år gamle lag[1] frå prekambrium og før den kambriske eksplosjonen. Namnet er eit samleomgrep som vert nytta om fleire forskjellige organismar som ikkje har noko biologisk samanheng. Dei er typisk 0,02 til 0,15 mm, som er forholdsvis stort for mikrofossil. Desse fossila vert ikkje løyst opp i syre og kan derfor løysast ut frå sedimentære bergartar. Dei er ofte funne i sandstein og skifer, men stundom òg i kalkstein. Arkitarkane vert nytta som leiefossil i lag frå eldre paleozoikum.

Kjelder endre

  1. Javaux, E.; Marshall, C.; Bekker, A. (7. februar 2010). «Organic-walled microfossils in 3.2-billion-year-old shallow-marine siliciclastic deposits». Nature 463 (7283): 934–938. Bibcode:2010Natur.463..934J. PMID 20139963. doi:10.1038/nature08793.