Aksel Sandemose

norsk forfattar

Aksel Sandemose (19. mars 18996. august 1965), som opphavleg heitte Axel Nielsen, var ein danskfødd forfattar som flytta til Noreg og skreiv mesteparten av bøkene på riksmål. Han er mellom anna kjent for at han i romanen En flyktning krysser sitt spor formulerte den såkalla jantelova som gjer greie for dei krava til sjølvutsletting som eit trongsynt lokalsamfunn legg på individa i form av at «Du skal ikkje tro du er noko....».

Aksel Sandemose

Statsborgarskap Danmark
Fødd 19. mars 1899
Nykøbing Mors
Død

6. august 1965 (66 år)
København

Yrke skribent, journalist
Sjanger roman
Born Bjarne Sandemose, Jørgen Sandemose
Aksel Sandemose på Commons

Liv og virke endre

Aksel Sandemose var fødd i den vesle byen Nykøbing Mors på den austlege parten av øya Mors i Limfjorden i Jylland, og oppveksten her, saman med minna frå tida som sjømann i ungdomsåra, gav stoff til mykje av forfattarskapen hans. I romanane sine freistar han å gje forklaringar på kvifor menneska gjer det dei gjer, og ein finn ofte sjølvbiografiske drag i forfattarskapen. Men han var òg ein meister i hylle si eiga fortid inn i eit mytisk slør som gjer det uklårt kva som var sanninga om hans eige liv.

Sandemose hadde norsk mor som kom frå Sandermosen i Maridalen, i det som då var Aker kommune (no Oslo), og var reist til Jylland som tenestejente, og han endra etternamnet sitt frå Nielsen til Sandemose i 1921. Han og Dagmar Ditlevsen frå Nykøbing Mors gifta seg i 1921 og fekk tre born, tvillingdøtre og ein son. Familien flytta til Noreg i mai 1930, og dei vart buande på Nesodden i nærleiken av Oslo fram til 1941, då han måtte flykte til Sverige etter å ha teke del i motstandskampen mot den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Medan har var i Sverige utgav han eit av dei meste vesentlege verka sine, romanen Det gångna är en dröm. Papper, efterlämnade av norskamerikanen John Torson till hans son i Norge, 1939–1944 (Stockholm 1944), som kom ut på norsk i 1946 med tittelen Det svundne er en drøm.

I 1944 hadde han skilt seg frå Dagmar, og gifta seg med den norske bibliotekaren Eva Borgen. Etter krigen slo ekteparet seg ned på småbruket Kjørkelvik i Søndeled ved Risør med tvillingsønane sine, men Sandemose drog derfrå etter å ha mista kona si og eine sonen. Han hadde vore enkemann eit par år før han gifta seg opp att med den danske skodespelarinna Hanne Holbek 1962, og dei flytta til Oslo og budde der fram til Sandemose døydde i København i 1965 etter å ha vore mykje sjuk og ha levd eit utagerande liv.

Aksel Sandemoses son Jørgen Sandemose (fødd 1945) vakte i 2002 stor merksemd med boka Flyktningen. Aksel Sandemose - en biografi, nytt opplag i 2004 med somme rettingar, som var eit krast oppgjer med faren.

Prisar og utmerkingar endre

Verk endre

  • 1923 Fortællinger fra Labrador
  • 1927 Klabavtermanden
  • 1928 Ross Dane
  • 1931 En sjømann går i land
  • 1933 En flyktning krysser sitt spor (som inneheld den kjende Janteloven)
  • 1936 Vi pynter oss med horn
  • 1945 Tjærehandleren
  • 1946 Det svundne er en drøm, omsetjing av Det gångna är en dröm. Papper, efterlämnade av norskamerikanen John Torson till hans son i Norge, 1939–1944, Stockholm 1944
  • 1949 Alice Atkinson og hennes elskere
  • 1950 Eventyret fra kong Rhascall den syttendes tid om en palmegrønn øy
  • 1958 Varulven
  • 1960 Murene rundt Jeriko
  • 1961 Felicias bryllup
  • 1963 Mytteriet på barken Zuidersee

I tillegg kjem eit stort tal essay og artiklar.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aksel Sandemose
  • Sandemose, Jørgen. 2006. Flyktningen : Aksel Sandemose - en biografi. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-19111-4 : ISBN 82-03-19111-8
  • Haavardsholm, Espen. 1999. Mannen fra Jante : et portrett av Aksel Sandemose . [Oslo]:Gyldendal. ISBN 82-05-26703-0
  • Haavardsholm, Espen. 1999. Misery harbour : filmen og bøkene om Espen Arnakke, eit utval ved Espen Haavardsholm; fotografi ved Rolf Konow. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-18188-0
  • Haavardsholm, Espen. Aksel Sandemose : et forfatterhefte. Oslo 1999: Biblioteksentralen. (Inneheld eit forfattarportrett skrive av Espen Haavardsholmitteratur og anna litteratur om Aksel Sandemose og hans forfattarskap, sju forfattaromtalar frå norske aviser og 25 bokmeldingar frå norske aviser)
  • Hareide, Jorunn. [biletredaktør: Åsta Brenna]. 1999. Diktning som skjebne : Aksel Sandemose . Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-18129-5 (Utgjeve i høve av 100-årsjubileet for Aksel Sandemoses fødsel)
  • Andersen, Jens. 1998. Vildmanden : Sandemose og animalismen i mellemkrigstidens litteratur . København: Gyldendal. ISBN 87-00-37204-8
  • Nilsson, Thaly (redaktør). 1998. Nytt lys på Aksel Sandemose : ti artikler. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-17967-3 (Dei fleste bidraga stammer frå eit seminar som gjekk føre seg på Öland i 1995)
  • Steen Andersen: Nye forbindelser. Pejlinger i Aksel Sandemoses forfatterskab. Vordingborg: Attika 2015. ISBN 978-87-7528-8700