Akvariet i Bergen
Akvariet i Bergen er eit akvarium som ligg på Nordnes i Bergen. Då det opna 27. august 1960 var det det største av sitt slag i Nord-Europa. Det vart finansiert av ein lokal innsamlingsaksjon som eit folkeopplysningsprosjekt. Det vert òg brukt ein del i forsking og undervisning.
Akvariet i Bergen | |||
| |||
Skipa | 27. august 1960 | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
Dagleg leiar | slak Sverdrup | ||
Nettstad | https://www.akvariet.no |
I anlegget er det meir enn 60 akvarium og tre utandørsdammar med sjøløver, oterar, pingvinar og eit større med lokale fiskar og skaldyr.[1] Det har òg ei tropisk avdeling med krypdyr og apar.[2] Akvariet har fått fleire rekordar for avl og oppdrett av ymse fiskeslag, og har vorte omtala som Noregs beste pleieheim sidan så få fisk døyr av andre årsaker enn alderdom.
Til saltvasskummane vert det brukt meir enn 3 millionar liter vatn i døgnet. Dette heldt 6-7 gradar C, og vert pumpa opp frå om lag 130 meters djupn i Byfjorden.
Kjelder
endre- ↑ Bergen, Akvariet i, «Utendørs - Akvariet i Bergen», www.akvariet.no (på norsk bokmål), henta 25. februar 2019
- ↑ Bergen, Akvariet i, «Tropisk - Akvariet i Bergen», www.akvariet.no (på norsk bokmål), henta 25. februar 2019