Al-Amiriyah
Al-Amiriyah (arabisk العامري, al-ʻāmiriyyah) eller Amiriyah Fallujah, òg skrive Ameriyah, Amiriyyah, Ameriya, Amiriyat, Ameriyat, er ein by i Fallujah-distriktet i Al Anbar guvernement, kring 30 km sør for byen Fallujah i Irak. Innbyggjarane i Ameriyah høyrer hovudsakleg til Albu Issa-stamma som er ein del av Dulaim-stamma.
Al-Amiriyah | |||
by | |||
Landskap ved nabolaget Al-Fares i Amiriyah
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Al Anbar guvernement | ||
Koordinatar | 33°09′55″N 43°51′56″E / 33.165289°N 43.86549°E | ||
Al-Amiriyah 33°17′51″N 44°17′26″E / 33.2975°N 44.290555555556°E | |||
Kart som viser Al-Amiriyah.
|
Byen fekk namnet Amiriyah Fallujah etter okkupasjonen i Irak på grunn av dei mange innbyggjarane som vart forflytta her frå byen Fallujah, i alt 17 000 folk.
Fram mot Golfkrigen i 1990, vart fleire vestlege gislar haldne her som menneskelege skjold ved ein mistenkt ammunisjonsfabrikk i området frå september 1990 til dei vart sleppte fri 6. desember 1990. Dette inkluderte mannskap frå British Airways, britar, japanarar og franskmenn. Berre britane vart haldne fram til desember, medan franskmennene og japanarane vart sleppte fri i oktober og november 1990.
Under den amerikanske krigen i Irak var byen åstad for kampar, i tillegg til bilbomber med klorin. Mot slutten av 2007 tok politiet i Anbar over kontrollen i byen.
I 2016, under kringsetjinga av Fallujah, var det intense kampar i området mellom den irakiske hæren og militante frå IS.[1] Det vart òg rapportert om fleire sjølvmordsbomber av IS.[2][3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al-Amiriyah» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Iraqi army bombard 20 ISIS rocket launchers in Anbar Province, Iraqinews.com
- ↑ Almasdarnews: ISIS attack kills 100 Iraqi soldiers in Fallujah, arkivert frå originalen 18. august 2017, henta 4. januar 2020
- ↑ ISIS suicide attacks kills, wounds 20 security members in Amiriya Fallujah, Iraqinews.com