Golfkrigen er vanlegvis ei nemning som vert brukt om krigen i Irak og Kuwait mellom Irak og ein koalisjon med USA i spissen i 1990-91. Konflikten starta 2. august 1990 då Irak invaderte Kuwait. SN innførte då sanksjonar, men Irak gav ikkje etter. Deretter gjekk koalisjonsstyrkane til åtak, og dreiv Irak ut av Kuwait 26. februar 1991. Den offensive operasjonen til koalisjonen gjekk under kodenamnet Operation Desert Storm, på norsk Operasjon Ørkenstorm.

Golfkrigen

Dato 2. august 1990 - 28. februar 1991
Stad Kuwait og Irak
Resultat Koallisjonssigar
  • Irakisk attrekning frå Kuwait
  • Sanksjonar mot Irak med katastrofale følgjer
  • Den irakiske flyforbodssona
Partar
Koallisjonen:

 Kuwait
 USA
 Storbritannia
 Saudi-Arabia
 Egypt
 Frankrike
 Syria

 Irak
Kommandantar
Flagget til Kuwait Jaber Al Sabah

Det amerikanske flagget George Herbert Walker Bush
Det amerikanske flagget Norman Schwarzkopf
Det britiske flagget John Major
Det britiske flagget Patrick Hine
Det britiske flagget John Chapple
Flagget til Saudi-Arabia Fahd av Saudi-Arabia
Flagget til Egypt Hosni Mubarak
Flagget til Frankrike François Mitterrand
Flagget til Frankrike Michel Roquejeoffre
Flagget til Syria Hafez al-Assad

Flagget til Irak Saddam Hussein

Flagget til Irak Ali Hassan al-Majid
Flagget til Irak Salah Aboud Mahmoud
Flagget til Irak Tariq Aziz

Styrkar
956,600 545,000
Tap
Kuwait (militære):

1200 drepne
Koallisjonen:
392 drepne,
776 skadde

27,000-100,000 drepne,

Over 75,000 skadde

Sivile tap:

Irak:
1000-35,000 drepne[2] (ofte estimert 2300-3
Kuwait:
1000 drepne

Bakgrunnen for krigen var naud for olje på den vestlege marknaden, og handelstilgang og vestlege interesser i Midt-austen. Oljeprisen rauk i veret med det same invasjonen i Kuwait vart gjennomført.

Opptakta endre

Frå invasjonen av Kuwait i august 1990 og utetter hausten 1990, auka spaninga mellom Irak og vestmaktene. Denne stillingskrisa vart med tida vist til som Golfkrisa. Det vart gjort ei lang rekkje meklingsfreistnader med vekslande hell fram mot krigsutbrotet, for det meste leia av generalsekretæren i SN, og andre frivillige statar, mellom desse Noreg. Tidlegare statsleiarar som Per Borten gjorde framstøytar på vegner av Noreg i denne tida.

På nyåret 1991 hadde spaninga auka dramatisk, ettersom det synte seg at diktatoren i Irak, Saddam Hussein, ikkje akta å gje etter på noko punkt. På denne tida hadde USA bygd opp ein stor militær styrke i Saudi-Arabia, med tanke på open konflikt. Sjølve krigen braut ut natta til 17. januar 1991.

Krigen endre

Sjølve krigshandlingane byrja med intensive luftåtak innover Irak i tre veker. Strategien var å få herrevelde over irakisk luftrom så snøgt som råd, og å svekke den irakiske infrastrukturen. Flygetokta vart for det meste utført av USA og Storbritannia. Bakkeåtaka vart ikkje gjennomført før dei siste ti dagane av krigen, og krigen vart meldt vunnen av vestmaktene den 26. februar. Saddam Hussein sitt regime var då sterkt svekka, men den amerikanske krigsleiinga avgjorde å la han sitja ved makta i Irak. På irakisk side hadde nokonær 2.300 sivile mist livet i åtaka, og mange hadde flydd til Iran og Syria.

Åtak på Israel endre

Få dagar ut i krigen tok Irakiske styrkar til å sende rakettar mot Israel. Dette var rakettar av typen SCUD, som Irak hadde fått frå Sovjetunionen. Åtaka vart avverja med amerikansk hjelp, og gjorde liten skade, sjølv om nokre landa i forstadene til Tel-Aviv. Åtaka hadde noko symbolsk effekt, og kom i stand i ein irakisk freistnad på å bryte alliansen av frivillige som USA hadde fått i stand, og å vende fleire arabiske land mot USA. Dette lukkast dei ikkje i. Irakisk propaganda gjorde òg sitt for å vinne stønad i Palestina.

Etterspel endre

Saddam Hussein sat då på vestmaktene si nåde resten av 1990-talet, og laut trekke seg attende frå aggresjon kvar gong USA truga han. Det vart og vedteke at Irak skulle ha avgrensa kontroll med eige luftrom, noko som hemma rørslene til den irakiske leiinga. Denne stillingskonflikten vart stundom broten av mindre bombetokt frå USA, fram til den neste storoffensiven tok til i 2003.

Kritikk endre

Det vart tidleg reist kritikk mot måten USA for fram på, og korleis Sambandsstatane fekk verdssamfunnet med seg. Det kom til store antikrigsdemonstrasjonar i fleire vestlege land, og kritikken vart retta mot urettvisa i grunngjevinga for krigen. Mange påpeika at dette var ein krig om olje og handelstilgang i Midt-austen. Det vart og påpeika at Kuwait var ein nær handelspartnar med USA.

Sjølve krigsutbrotet vakte og kritikk, då det seinare synte seg at Saddam Hussein var ved å trekke styrkane sine attende alt den 16. Januar. Casus Belli var, etter USA sin påstand, at Saddam Hussein akta å gå til åtak på Saudi-Arabia. Dette synte seg seinare å ikkje vera rett.

Det vart og reist kritikk mot leiinga i USA med omsyn til at desse hadde late Saddam Hussein få sitja ved makta, heller enn å skifte han ut. Denne kritikken, som var retta mot dåverande president George Bush, vart freista bøtt på i neste store krig i området.

Norsk haldning til krigen endre

Den offisielle norske haldninga til krigen var å halde seg avventande, og å følgje ei forhandlingsline. Noreg tok ikkje aktivt del i krigshandlingane, men støtta USA gjennom SN. Sidan dette ikkje var ein NATO-konflikt, vart det heller ikkje reist krav om at Noreg skulle stille med mannskap.

Andre golfkrigar endre

To andre krigar vert òg stundom kalla golfkrigen. Det er Irak-Iran-krigen1980-talet, og Irak-krigen, som Dei amerikanske sambandsstatane starta mot Irak i 2003.

Referansar endre

  1. «Den 1. Golfkrig». Forsvaret.dk. 24 September 2010. Arkivert frå originalen 12. januar 2011. Henta 1 February 2011. 
  2. http://necrometrics.com/warstat6.htm#Gulf
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.