Al-Lubban al-Gharbi

Al-Lubban al-Gharbi (arabisk اللبّن الغربيّ) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, 21 kilometer nordvest for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 1 476 innbyggjarar i 2007.[1]

al-Lubban al-Gharbi
اللبّن الغربيّ, al-Lubban al-Gharbiya, al-Lubban
kommune
Namneopphav: Al-Lubban Vest
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 32°02′04″N 35°02′22″E / 32.03444°N 35.03944°E / 32.03444; 35.03944
Areal 9,7 km²
Folketal 1 476  (2006)
Folketettleik 152 / km²
Kart
Al-Lubban al-Gharbi
32°02′04″N 35°02′22″E / 32.034444444444°N 35.039444444444°E / 32.034444444444; 35.039444444444
Wikimedia Commons: Al-Lubban al-Gharbi

Historie endre

Landsbyen ligg i åssida ved ein eldgamal stad, som er nemnt i Talmud som Beit Laban. Her finst ruinar av oldtidsbygningar, og somme av steinane har blitt brukt om att i landsbyhusa. Føre landsbymoskeen står foten av fem søyler som ein trur har vore ein del av eit kapell. Landsbyen har òg cisterner hogde ut i berget, og på sørvestsida ligg graver og grotter hogde ut i fjellet.[2]

Som Lubban al-Kafr stod landsbyen oppført i osmanske skattelister i 1596 som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 29 muslimske hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar.[3]

Den franske oppdagaren og amatørarkeolog Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og skriv «husa verkar å vere særs gamle og i lag dannar dei ein heilskap, som om dei alle var eitt enkelt hus. Store mengder eldgamle byggemateriale er obsevert i murane.»[4] I «Survey of Western Palestina» frå 1881, vart landsbyen, (kalla «Lubban Rentis»), skildra som liten, og låg på ei høgd ved sidan av ein romersk veg.[5]

I folketeljinga i 1931 hadde staden, kalla Al-Lubban eller Lubban Rantis, 60 busette hus og eit folketal på 298 muslimar.[6]

I 1945 var folketalet i El Lubban 340, alle arabarar, som eigde 9 854 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[7] 1 411 mål var plantasjar og irrigert land, 1 118 nytta for korn,[8] medan 6 mål var utbygd (urbant) land.[9]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.112.
  2. Dauphin, 1998, s. 822.
  3. Hütteroth and Kamal Abdulfattah, 1977, s. 132.
  4. Guérin, 1875, s. 112-3, som omsett i Conder og Kitchener, 1881, s. 360
  5. Conder og Kitchener, 1881, s. 286
  6. Mills, 1932, s. 21.
  7. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 67
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 116
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 166