Al-Muhasan (arabisk موحسن, òg skrive al-Mohassan eller Almu Hasan) er ein by aust i Syria i Deir ez-Zor guvernement, som ligg langs Eufrat, sør for Deir ez-Zor og 120 kilometer vest for grensa til Irak. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Muhasan eit folketal på 9 501 i 2004.[1]

al-Muhasan
موحسن
by
Land  Syria
Guvernement Deir ez-Zor guvernement
Distrikt Deir ez-Zor-distriktet
Koordinatar 35°14′22″N 40°19′28″E / 35.23944°N 40.32444°E / 35.23944; 40.32444
Folketal 9 501  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Muhasan
35°14′22″N 40°19′28″E / 35.23944444°N 40.32444444°E / 35.23944444; 40.32444444

Tidleg i 1950-åra fekk Det syriske kommunistpartiet støtte hos fleire arabiske og sunnimuslimske byar i landet, inkludert Muhasan som lokalt vart kalla «Vesle Moskva», som ein referanse til hovudstaden i Sovjetunionen. Sommaren 1953 gjorde bønder frå familien al-Aqaydat opprør mot inngrep frå ein regionalt mektig handelsklan som spesialiserte seg på kornhandel, pengelån og bensinpumper, og som hadde ein av sine eigne som landbruksminsiter. Ved hjelp av kommunistiske lærarar i Deir ez-Zor og lokale kommunistar frå skulen i byen, danna bøndene eit offentleg selskap og kjøpte to bensinpumper og to traktorar, slik at dei ikkje lenger var avhengige av den rike familien.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Deir az-Zawr guvernement. (arabisk)
  2. Batatu, 1999, s. 120-121.